Nordfjord - 4602 VågsøyKart - Tekst

4602 Vågsøy

Bygdeskildring. Vågsøy kommune. Oversikt


Utsnitt av sattelittbilde som viser Vågsøy kommune

Vågsøy kommune ligg nord-vest i Sogn og Fjordane fylke, like opp under Stad. Kommunen omfattar Vågsøy, Silda, Husevågøya, Gangsøya og fastlandet langs Nordfjorden aust til grensa mot Eid kommune som går mellom Maurstad og Lefdal. I nord grensar Vågsøy kommune til Selje kommune, og i sør til Bremanger kommune. I Vest gresar Vågsøy mot det åpne havet.

Kommunesenteret for Vågsøy er Måløy som fekk bystatus i 1997. Måløy ligg på austsida av Vågsøya og har fastlandssamband med bru over sundet til Kulen / Deknepollen. Måløy har anløp av Hurtigruta og Ekspressbåt nordover til Selje og sørover til Bergen. Totalt bur det ca. 6385 personer i komunen.

Ein rundtur i kommune med bil kunne starte på stamveg 15 frå Indre Nordfjord, via Maurstad, Bryggja, Almenningen, Deknepllen og over brua til Måløy. Frå Måløy kunne ein ta turen nordover til Raudeberg. Etter ein rundtur via Halsør, Refvik og Vedvik må ein ta turen vest til Kråkenes fyr som ligg lengst vest i kommunen. Før ein forlet kommunen kan ein også ta ein tur på Sørsida av Vågsøya til Oppedal. Frå Måløy kan turen gå med ferge til Oldeide på Bremangerlandet. Sjå kart over
Vågsøya