Nordfjord - 4648 BremangerKart - Tekst

4648 Bremanger

Bygdeskildring. Bremanger kommune


Utsnitt av sattelittbilde som viser Bremanger kommune

Bremanger kommune er ein kystkommune som ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord. Kommunen er delt i to - indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet på sørsida av Nordfjorden og øyane Bremangerlandet og Frøya.I aust grensar Bremanger mot Gloppen kommune. Denne grensa går i fjell- og breområda vestanfor Hyenfjorden. I tillegg grensar Bremanger mot Eid og mot Vågsøy i nord, og mot Sunnfjordkommunane i sør. I vest ligg det åpne havet.

Øyane er knytta saman med bru. Ytre del av kommunen har ferjesamband med Måløy og Kjelkenes. Indre del har ferjefritt samband til Florø og Førde, og ferjesamband over Nordfjorden ved Isane. Kommunen har elles godt samband sjøvegen gjennom snøggbåtruter både sør- og nordover. Reisetid til flyplass i Florø frå Svelgen er 50 min. med bil. Svelgen som ligg inst i Nordgulen, er kommunesenter.

Ein rundtur med bil i kommunen kan starte med ferge frå nordsida av fjorden til Isane. Derifrå kan turen gå langs Nordfjorden og vidare over bruer og gjennom tunellar til Bremangerlandet og til Oldeide. Sjå
Rugsundsambandet

Frå Oldeide kan ein ta turen sørover øy-delen av kommunen heilt sør til Kalvåg på sørspissen på Frøya. Tilbaketuren kan gå med ferge frå Smørhamn til Kjelkenes i Midtgulen. Derifrå går turen til Svelgen og vidare til Ålfoten og Isane. Sjå vegkart for kommunen som er delt på to,
Bremanger ytre delog
Bremanger indre del

Kommunen har ein svært variert natur, frå det golde kystlandskap til frodige landbruksbygder og ville, vakre fjell og brear i indre del av kommunen. Naturen er godt eigna både til korte familieturar, og for folk som vil ha utfordringa r (Ålfotbreen 1632 m.o.h., Gjegnalund 1723 m.o.h.). Vi har eit av dei største helleristningsfelta i Nord-Europa - Vingenfeltet. Tvers over for dette feltet ligg det sagnomsuste fjellet Hornelen - Nord-Europas høgste sjøklippe.

Næringsgrunnlaget i ytre del av kommunen har tradisjonelt vore knytta til fiske- og fiskeforedling - kystkulturlandskapet ber preg av det. I Svelgen ligg største arbeidsplassen i kommunen - Elkem ASA Bremanger Smelteverk - ei metallurgisk industriverksemd med omlag 290 årsverk. Elles har vi jordbruk, skogbruk og serviceverksemder.