Nordfjord - Loen sokn - Bødal - SamuelbruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Samuelbruket

Lodalen 1900 - 1940 Bruk 77/3 Samuelbruket.

Samuelbruket hadde stovehuset sitt i nederste rekka av stovehus i det gamle tunet før ulukka i 1905. Huset vart då teke av båra.

Det nye tunet på Samuelbruket vart bygt nordvest for det gamle tunet nærare elva. Det er også sett av merke på Økonomisk kartverk som tilnærma viser kvar det nye tunet låg. (Sjå LOKHIS). Husa vart tekne av båra også i ulukka i 1936.

Samuelbruket vart drive av Samuel Sæten etter krigen. Jordbruket vart drive i mindre målestokk, men det vart planta mykje skog. På slutten av 1950-talet fekk Samuel også sett opp eige hus.

I dag (2002) er det ingen som bur fast på Samuelbruket.

På same måten som mange av dei andre bruka hadde Samuelbruket følgt slekta i generasjonar, og det var namna Samuel og Elling som gjekk igjen frå far til son. Det var Elling Samuelsen f. 1866 som var brukar i 1905. Både faren og mora hans var døde tidlegare, men den 2. kona til faren, Brite Sjursdtr. Øvreberg levde framleis. Ho var 75 år i 1905. Kona til Elling heitte Elisabet Ottesdtr. Grøddis. Dei hadde 3 born: Samuel Edvard Dagfinn, Eli Berteanna og Oskar. På bruket budde det og ei søster til brukaren som heitte Gjertrud Samuelsdtr. Heile familien med unntak av Oskar omkom i ulukka i 1905. Han var 5 år, og den einaste forklaring han kunne gi var at "Eg stod på ei fjøl".

Etter ulukka i 1905 vart Samuelbruket i ei tid forpakta av Rasmus J. Loen, men vart overteke av sonen på bruket Oskar når han vart vaksen. Oskar gifte seg med Brite Andersdatter Hogrenning, og dei fekk 4 born: Edvard, Asbjørn, Svein og Egil. I ulukka i 1936 omkom Oskar og alle 4 sønene. Det var berre kona Brite som hadde vore på Bødalsetra som overlevde. Ho flytte først til Olden, men gifte seg seinare på ny og busette seg i Innvik.

Det vart Samuel Rasmussen Sæten som overtok bruket etter ulukka i 1936 (skiftesak i 1939). Det ser ut til at det er det gamle Samuel -namnet som helt fram. Det var dottera til Samuel Ellingsen på Samuelbruket, Kristi Samuelsdtr., som hadde gifta seg med Rasmus Johannessen på Sæten som var mot til Samuel Rasmussen Sæten.

Samuel Sæten hadde ikkje born, men bruket gjekk ikkje ut av slekta av den grunn. Morsøstra til Samuel var gift med Rasmus Lassesen Mork, og to av borna hennar, Leif og Sigrun fekk skjøyte på bruket i 1961..