Nordfjord - Loen sokn - Bødal - RaudipartenDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Raudiparten

Lodalen 1900 - 1940 Bruk 77/7 Raudiparten.

Garden Raudi, gardsnr 76 og Raudiparten i Bødal, bruknr 77/7 har vore drive saman som eitt bruk sidan 1614. Dette hadde truleg samanheng med at Raudi låg utsett for ras, og at brukaren måtte ha ei trygg stad å bu. På 1800 talet flytte brukaren tilbake til Raudi fordi det då ikkje hadde gått ras på lenge, men i 1885 gjekk det eit stort steinras over garden. Etter den tid har brukaren budd i Bødal.

Raudihusa i Bødal låg ikkje i klyngetunet men lenger opp og mot nord. Ved raset i 1905 vart husa på Raudiparten ikkje tekne av båra og alle overlevde.

Ved raset i 1936 vart husa på Raudiparten tekne av båra på same måten som alle dei andre tuna i Bødal.

Ved ulukka i 1905 var det 2 genarasjonar på bruket. Den gamle generasjonen var Simon Simonsen Raudi og kona Kristi Olsdtr. Bødal. Han døde 74 gamal i 1910, og ho 73 år gamle i 1913. Simon og Kristi hadde 8 born , Synnøve f. 1867, Simon Olai f. 1869, Anne f. 1872, Ole f. 1875, Sivert Johan f. 1877, Kristiane f. 1880, Sakarias f. 1883 og Rasmus f. 1885. Alle borna var vaksne i 1905, og det var kanskje berre Simon Olai som skulle overta bruket som var heime då ulukka hende i 1905. Mange av dei andre borna var truleg reiste til Amerika, og i boka Lodalen fager og fårleg står det "Ikkje frå noko gardsbruk eg veit har det utvandra så mange". Simon Raudi skal ha fortalt til Synnøve Sæten at det i 1909 var 127 personar i Amerika som slekta fra Raudi

Simon Olai hadde gifta seg i 1893 med Oleanna Ottesdatter Grodås og hadde fått skøyte på bruket same året som han gifta seg. Simon og Oleanna hadde 4 born, Kristine f. 1894, Simon f. 1897, Otto og Oskar f. 1905. Alle overlevde i 1905. Simon Olai hadde dermed både overlevd steinraset på Raudi i 1885 og den første rauslukke frå Ramnefjellet og gjennom eit langt liv skulle han være ein av dei som kjende Lodalen best på både godt og vondt.

I 1936 var det komen ein ny Simon (f. 1897) som brukar. Han fekk skøyte på bruket i 1928. Simon d.y. var gift med Alvhild Knutsdtr. Kjerpeset frå Bremanger og dei hadde ei dotter, Oddny. Heile huslyden som budde på Raudiparten omkom i ulukka i 1936. I tillegg til kårfolka, familien til den nye brukaren og broren Oskar, omkom ei tenestejente, Målfrid Eliasdtr. Loen. I alt 7 personar på dette bruket omkom.

I følgje bygdeboka var det Otto Simonsen (bror til brukaren som omkom) som overtok bruket i 1937. Han var busett på Tonning i Stryn