Monsbruket
Lodalen 1900 - 1940 Bruk 78/1 Monsbruket
Bruket gjekk fri for båra i 1905, men heile tunet vart sopa bort i 1936. Det er i dag (ca år 2000) ikkje hus på bruket. I Landbruksforvaltninga sitt Geografiske Informasjonssystem (LGIS) er eit uthus (sommarfjøs? ) i Kjenndalen nytta som grunnlag for stadfesting av tunet på bruket
Jordskiftekartet saman med kartskisse frå Jostein Sonstad (sjå eigen artikkel av han) har gitt grunnlag for stadfesting av husa i det gamle tunet. Det var husa med gul farge på jordskiftekartet som tilhøyrde bruk nr 1. Dette bruket hadde dermed tunet sitt på nordsida av tunvegen som gjekk opp frå vatnet. Husa låg dermed bakanfor nystova til bruk nr 2.
Omkring 1900 var det to generasjonar av brukarar: Mons Olsen f. 1842 og sonen Ola Monsen f. 1878.Mons vart enkemann då kona Brite Eriksdtr Bødal døydde i 1883. Mons gifta seg på nytt med enka Ingeborg Abrahamsen Eide som døydde 91 år gamal i 1925. Mons og den første kona hadde 4 born. I tillegg til Ola som overtok bruket var det Oline, Kari og Dorthe. Oline hadde gifta seg til bruk nr 1 i Ytre Nesdal og ho omkom i ulukka i 1905. Sonen Ola hadde gifta seg med Andrine Johanne Salvesdtr frå Ytre Nesdal slik at her var det søskjenbyte. Ingen av dei som budde på bruket omkom i 1905.
Ola og Andrine fekk 4 born: Mons, Sivert, Brit og Jenny. Etter ulukka i 1905 tok Ola bruk nr 1 i Ytre Nesdal på odelsretten til kona si då dette bruket vart selt ut av slekta. Han hadde derfor bruk å overlate til begge sønene sine. Mons overtok Monsbruket i Indre Nesdal og Sivert overtok Perbruket i Ytre Nesdal. Dette skjedde i 1921 same året som foreldra Mons og Andrine døydde.
Mons gifte seg med Katrina Bertelsdtr Mardal frå Gloppen, og dei fekk 5 born, Olav, Agnes, Bjarne, Solveig og ein son som var udøypt då ulukka i 1936 hende. Mons, kona Katrina og alle 5 borna omkom i ulukka 13.9.1936.
Sivert som var flytta til Ytre Nesdal overlevde ulukka, og han overtok Monsbruket i 1937. Han åtte dermed både bruk 78/1 og 79/1.
Då ulukka hende i 1936 var det ein ny Olav på 10 år som stod for tur til å overta bruket. På dette bruket hadde det veksla mellom Ola og Mons i fleire generasjonar og Olav som var 10 år i 1936 ville ha blitt den 4. i rekka som heitte Olav (Ola).
|