Nordfjord - Loen sokn - Nesdal Indre - LarsbruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Larsbruket

Lodalen 1900 - 1940 Bruk 78/2 Larsbruket

Larsbruket var det einaste bruket i Lodalen (Nesdal og Bødal) der familien på bruket og husa overlevde begge ulukkene. Brukarane på dette bruket opplevde at naboane først i Ytre Nesdal og seinare i Indre Nesdal vart rivne bort. Ved begge ulukkene var det berre så vidt at husa vart berga. I 1905 var det snø og is til midt opp på husveggen i Indre Nesdal, og i 1936 gjekk båra over taket på våningshuset og gavlveggen vart slegen inn. Huset vart ståande fordi golvbjelkane var mura fast i grunnmuren.

Rasmus, son til Ragnvald på dette bruket har skrive om ulukka i 1936 i boka til Sivert Nesdal side 109. Han var då 13 år.

Husa på bruk nr 2 er fargelagde med lyseblå farge på jordskiftekartet frå 1905. Husa på bruk nr 2 låg då nærmast vatnet på begge sider av vegen, med låven noko lenger oppe på sørsida av vegen.

Det er truleg at tunet på dette bruket vart flytta ut ved jordkiftet i 1906, og at bygningane då vart bygde opp i nytt tun lenger oppe.

ØK (ca 2000) viser 2 bygningar på bruket. I følgje det som var skrive av Rasmus vart våningshuset delvis øydelagt, låven vart øydelagd, og nystova kasta av murane i 1936. Bygningane som står i dag kan difor være flytta og bygde opp att på nytt (må undersøkjast med kjentfolk)

Bruket hadde gått frå far til son i fleire generasjonar, og namnet Lars hadde lange tradisjonar. Det var Lars Jørgensen som var brukar i 1905. Han døde 76 år gamal i 1929. Kona hans Torina Olsdtr Nesdal levde heilt til 1951 og vart 91 år. Ho overlevde dermed begge ulukkene. Mora til Lars levde også i 1905. Ho heitte Anne Arnesdtr og kom frå Flo. Ho døde 88 år gamal i 1918. Lars og Torina hadde 6 born, Jørgen, Anne, Oline, Rangvald Einar, Elisa og Andrine Bertine. Alle desse var fødde før 1905 og opplevde derfor ulukka i 1905.

Eg veit ikkje kvifor eldste sonen Jørgen ikkje overtok bruket, og det var den andre sonen Rangvald og hans familie som levde på bruket i 1936. Han var gift med Kari Rasmusdtr Høgalmen. Dei hadde 6 born: Lars, Rasmus, Jørgen, Trygve, Asbjørn og Sverre. Familien på bruket ulukkesnatta i 1936 er beskriven av Rasmus: "Vi var 9 medlemar i huslyden vår. Besta, Torina, budde i kammerset. Far, mor og minstebror Sverre låg i stova. Storebror Lars som var konfirmert året før hadde fått eige rom i 2. høgda, eit rom som vende mot Ramnefjellet. Vi andre fire gutane hadde tilhald på eit guterom, to i kvar seng."

Etter ulukka kjøpte familien seg bruk på Åland.