Nordfjord - Loen sokn - Nesdal Indre - AnnbjørnbruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Annbjørnbruket

Lodalen 1900 - 1940 Bruk 78/3. Anbjørnbruket

Bruket gjekk fri for båra i 1905, men heile tunet vart sopa bort i 1936. Det er i dag (ca år 2000) eitt hus på bruket i følgje ØK (ca år 2000). Truleg er dette det huset som Elina Nesdal sette opp av vrakrestar i 1942. Ho hadde flytta heimanfrå før 1936, og kom attende til den øydelagde heimstaden sin og overtok bruket i 1940 (kjelde Sigurd Nesdal side 132)

Det var husa med lys rosa farge på jordskiftekartet frå 1905 som tilhøyrde dette bruket. Ut frå dette låg tunet på bruk 3 lengst oppe får vatnet på austsida av vegen opp frå vatnet. Tilgjengeleg kartgrunnlag tyder på at dette bruket har overteke tunområdet for bruk nr 2 som blei flytta ut.

Arnbjørnnamnet ser ut til å kome inn på bruket med Anders Arnbjørnson Bødal f. ca 1710. Sonen hans heitte Arnbjørn og han fekk skøyte på bruket i 1768. Seinare har bruket gått i arv frå far til son, men det var først i 1936 at det kom ein ny brukar med dette namnet.

På Anbjørnbruket var det 2 generasjonar av brukarar i 1905. Den gamle brukaren var Ola Andersen Nesdal som vart brukar i 1882 og som levde til 1927 (døde 78 år gamal). Han var gift med Elina Olava Persdtr Grodås som døde 61 år gamal i 1917. Den nye brukaren var sonen Anders Olssen Nesdal. Anders hadde overteke bruket i 1901 og var gift med Anna Andersdtr Drageset. Ho døde 27 år gamal i 1909. Dei hadde 5 born: Elina, Arnbjørn, Oddrun, Audun og Møyfrid. Alle overlevde i 1905

Før 1936 hadde Anders gifta seg på nytt og den nye kona var Eli Hansdtr Haugen. Dei hadde fått 6 born slik at Anders var far til 11 born. Borna med siste kona var Anna, Hans , Olav, Klara, Svanhild og Oddrun. Før ulukka i 1936 hadde eldste sonen frå første ekteskapet, Arnbjørn, overtek bruket og var gift med Gunvor Iversdtr Bleiklie frå Fana. Dei hadde fått ein son, Anders. På dette bruket omkom 14 personar ved ulukka i 1936. Det var 9 familiemedlemar og 5 tenarar (ysterske, tenestegut og 3 bygningsarbeidarar). Familiemedlemene som omkom var: Anders Olsen (f. 1875 gardbrukar), Eli Hansdtr (f. 1884 ektemaken til brukaren), Audun Andersen (f. 1909 son frå første ekteskap), Møyfrid Andersdtr (f. 1908 dotter frå første ekteskap), Svanhild Kelfrid Andersdtr (f. 1920 dotter frå andre ekteskap), Oddrun Andersdtr (f. 1924 dotter frå andre ekteskap), Anbjørn Anderssen(f. 1906 son frå første ekteskap som overtok som brukar i 1936). Gunvor Iversdtr (f. 1906 kona til Anbjørn), Anders Arnbjørnsen (f. 1936 sonen til Arnbjørn og Gunvor).

Elina, søstera til Arnbjørn kom heim og overtok bruket i 1940. Ho var den siste som flytte frå Nesdal og det var i 1951. Etter den tid har det ikkje vore fastbuande i Nesdal (kjelde Sigurd Nesdal side 132)