Nordfjord - Loen sokn - Tjugen - JohansbruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Johansbruket

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 12. Tjugenslekta på Johansbruket.

12.8 Anna Knutsdotter Tjugen Ytrehus (1901)

Ho gjekk Fjordane Fylkesskule på Nordfjordeid. Ho er gift med Knut Ytrehus (1898). Han har gått lærarskule og er lærar på Eike skule i Tysvær kommune, og dei bur ved Grimstad. Dei har desse borna: Bjørg, Kjelrun, Einar og Olav. Bjørg Ytrehus Igland (1929) er gift med Ivar Igland (1930). Han driv med sagbruk og bygningsartiklar ved Grimstad. Dei har desse borna: Knut Arvid (1955), Torstein (1957), Kåre (1958), Bjørn Inge (1964) og Hanne Britt (1966). Kjelrun Ytrehus (1932) er hjelpepleiar og bur ved Grimstad. Einar Ytrehus (1935) er adjunkt i skule i Birkeland. Han er gift med Aslaug Tønnesen (1938). Born: Knut (1962), Erling (1964) og Bjørnar (1971). Olav Ytrehus (1944) arbeider med forsikring i Arendal. Han er gift med Ellen Halvorsen (1951). Ho er operasjonssøster. Born: Steinar (1975) og Geir (1978).