Nordfjord - Loen sokn - Nesdal Indre - Plass under nr 2 BødalDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Plass under nr 2 Bødal

Lodalen 1900 - 1940 Bruk 78/4 Fredsvoll/Skortene

Det var opprinneleg 2 bygselplassar (underbruk) der tunet til Fredsvoll låg. Desse plassane vart kalla Skortene. Det eine av desse høyrde til bruk nr 2 i Bødal og det andre til bruk nr 2 i Nesdal. Underbruket til Bødal låg truleg på den parten av Nesdal Indre som vart skilt ut og lagt til bruk nr 2 i Bødal ikring 1670, og som vart drive frå bruk nr 2 i Bødal til det 19. århundre. Det var denne plassen som seinare vart bruk nr 4. Den andre plassen var under bruk nr 2 i Nesdal. Denne heimen vart ikkje gjenreist etter ulukka i 1905.

Underbruka kan være bytta om i Bygdeboka. Det synest mest truleg at det var husmannsplassen til Bendix Larsen Nesdal som høyrde til Bødal. Han var gift med Eli Olsdatter Brynestad, og ho var dottera til Ola Knudsen frå Bødal som var brukar på bruk nr 6 på Brynestad. I følgje bygdeboka var sonen til Bendix Larsen, Ola Bendixen, ugift og han flytta til søstera si på Sæten. Det var då naturleg at det var denne plassen Anders Kolbeinsen Bødal overtok og som vart bruk nr 4 under Indre Nesdal. Både bygdeboka og Sigurd Nesdal si bok seier at bruk nr 4 hadde høyrt til Bødal. I følgje boka til Sigurd Nesdal skulle den andre husmannsplassen i 1905 høyre til Nesdal.

Skortene/Fredsvoll låg yst på neset mot vatnet på grensa mellom ytre og indre Nesdal. Husa på denne staden vart sopa bort i begge ulukkene. Rasmus på bruk nr 78/2 har skildra dette i 1936:" Vi stod i vindauget og såg båra braut. Veldig og voldsom kom ho som ein svart vegg innover mot oss. Det gneistra og eldspruten stod framfor veggen. Fredsvollhusa blei små samanlikna med båra. Like før båra nådde husa, var det liksom at dei løfte seg opp, gjekk i oppløysing og blei borte i mørkret - borte for alltid".

I 1905 var det 2 familiar på Skortene. Den eine familien budde på bruk nr 4 (nedanfor kalla Bødalsplassen) og den andre på underbruket som høyrde til Nesdal (nedanfor kalla Nesdalplassen).

Bødalsplassen (Fredsvoll) tilhøyrde bruk nr 2 i Bødal. I matrikkelen frå 1838 var plassen registrert som eige bruk og Knud Andersen Bødal var brukar. Han var oldefaren til ho som var kone på bruket i 1905, Sigrid Knudsdtr Bødal. Ho var gift med Anders Kolbeinsen Bødal. Dei hadde 4 born: Anna, Karl Johan, Knut og Eilert. Alle utanom Anna gjekk til i ulukka i 1905. Ho overlevde fordi ho tente på Anbjørnbruket (bruk nr 78/3). Etter ulukka var det ho som hadde odelsretten til bruk nr 2 i Bødal og busette seg der.

Bødalsplassen (Fredsvoll) vart bygd opp på nytt og Berent Davidsen Skarstein og kona Anna Ellingsdtr Bødal busette seg der. Dei gjekk til i ulukka i 1936. Bruket har seinare tilhøyrt eigaren av bruk nr 2 i Bødal, og har ikkje blitt bygd opp på nytt. Berent var bror til Bent på bruk nr 2 i Bødal, og han fekk skøyte på bruket i 1917 same året som Anna Andersdtr, kona til Bent på bruk nr 2 i Bødal døydde.

På Nesdalsplassen budde brukaren Åmund Andersen Nesdal og den andre kona hans Marte Jonsdotter Sæten i 1905. Den første kona heitte Brite Rasmusdtr Helset og ho var død før 1905. Åmund hadde 5 born med den første kona: Rasmus, Elias, Anders, David og Dorte. Bygdeboka fortel at Anders drukna i Bødalselva og at David let livet i snøskred på Gjørven. Med den andre kona hadde han 2 born: Bent og Johanne Andrine. Amund, kona Marte og dottera Johanne Andrine omkom i ulukka i 1905. Denne heimen vart ikkje bygd opp på nytt.