Nordfjord - Loen sokn - HaugenBilde - Kart - Tekst

Haugen

Utskrift av rettsdokument Haugen. Utdrag av rettsboka frå Gulating Lavtingsrett i Bergen 1689

Loen 05. mai 1996. Hans Haugen

I 1689 kom det til rettssak mellom Simon Houen og Sofie Post, enka ette futen Jørgen Post, og sorenskrivar Peder Kaatte. Saka var ført og vart avgjort i Gulating Lagmannsrett i Bergen "Rådstue" 9. og 16.januar 1689.

Jørgen Post var eigar av garden Haugen som han kjøpte saman med garden Tjugen i ca. 1660. Han åtte også ein del av Loen der han hadde hus og budde.

Det går fram av rettsboka at då Sofie Post vart enke meinte ho at ho budde i for dårlege hus, og hadde for lite å leve av. Ho sa opp leigekontrakta med Simon Houen og ba han flytte frå bruket slik at ho sjølv kunne øverta drifta.

Dersom og når halvparten av Tjugen vart ledig så skulle han få ny leigekontrakt der. Simon Houen ville ikkje godta ei slik ordning og sa at dersom han skulle ha noko nytt ville han ha det med ein gong. Elles ville han la saka gå til retten.

Det går fram av rettsboka at saka først var oppe på "almindeligt skatte og sageting" på Muri i Olden "Schibrede" 18.og 19. april 1688. Der var oppnemdt 6 domsmenn: Oluf Sollem, Rasmus Siversen Setten, Jens Sandnes, Abreham Bruvold, Erling Brynestad og Oluf Carnelsen Bødahl. Dommar Sorenskrivar Peder Kaatte.

I dommen gjekk sorenskrivaren i mot sine meddommarar som ikkje hadde hjartelag til å setje Simon Hauen på bar bakke. Sorenskrivaren meinta at ein ikkje kunne ta omsyn til hjartelag, men måtte fylgje lova. Han dømde så Simon Hauen til å flytte frå bruket slik at Sofie post kunne overta.

Simon Houen, som hadde bygselkontrakt på livstid og som meinte at han hadde Rudbolsrett til garden stevnte både Sofie Post og sorenskrivar Peder Kaatte for retten.

Om Rudbolsrctt står det i rettsboka m.a. "Hvad frihed Norgis Lov forunder dem som oprøder øde pladzer, samdt ogsaa at eierne ey kan tvenge Leilendinge frå sin gaard saa lenge hand sielv ey er husvild og Leilendingen betaler rigtig i rette tid"

I retten den 9.og16.januar 1689 i Bergen Rådstue møtte prokurator Hans Teiste for Sofie Post og Mikel Mørk for Peder Kaatte.

Den 9januar møtte ikkje Simon Houen i retten. Det var ein hard vinter og det var is ved "Bruknappen" ?, slik at han ikkje kom fram til rett tid. Saka vart utsett i 8 dagar. Retten vart på ny sett den 16 januar.Og etter at partane hadde lagt fram sine synspunkt vart det avsagt dom.

Her fekk Simon Houen medhald. Retten meinte at Sofie Post hadde bra hus og ho hadde jord i Loen, slik at ho verken var "husvild eller boesliden" .Retten finn også at ho sit i uskift bo, slik at ein ikkje sikkert veit om garden tilhøyrer henne, kreditorane eller arvingane. Retten seier også at sorenskrivar Peder Kaatte har mistolka lova slik at hans dom av 19.april 1688 må vere "maktesløs, oq leilendingen sin gaard bemælte Houen at nyde og beholde efter loven".

Sorenskrivaren vart også dømdt til å betale Simon Houen 18 riksdalar i erstatning for omkostningar ved reiser m.v.