Haugen
Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 72 Haugen
Skade, strid og semjer
I 1718 gjorde steinsvor ymse skade på garden. Ved oversyn av retten 10.8. s. år vert det sagt at steinskred, som saman med vassfløde gjekk ned over garden sin beste bø og eng såleis at der det før var turr mark, vart det då ei stor rennande elv, og stein, grus og sand har såleis vorte grytt utover og øydelagt beste enga til 4 kufor, og aldri nokon sinne kan ho dyrkast att. Om lag tredjeparten av garden sin høyavl var øydelagd. Åker til om lag 11/4 t.havresåd vart og øydelagd. Skjønsretten fann det naudturvande at garden fekk eit rimeleg avtak.
Semja 1834 med grannegardane om merkeskil og fébeite. År 1845 vart det gjort semje mellom Haugen og gardane inne i Lodalen om hestebeite på Vassenden.
Vassenden var ålmenning. Her hadde Lodalsgardane hestebeiterett og båtstød frå mellomalderen av. Om det strid i 1847. Dom i striden avsagd då og tingl. i 1878. Hestebeitet utskift og skyldsett i 1884. Her har butt husmenn heilt frå første helvta av 1600-årstalet.
|