Nordfjord - Loen sokn - Nesdal IndreBilde - Kart - Tekst

Nesdal Indre

Lodalen 1900 - 1940 Om garden Indre Nesdal, gnr 78

Omtale av naturen og fjella omkring er stort sett den same som for Nesdal Ytre, og er gitt i Sivert Nesdal sine erindringar i kapittelet om Vinter (sjå der). Sivert Nesdal var fødd på bruk nr 1 i Nesdal Ytre i 1875 og i boka gir han ei fin skildring av Lodalen i sin barndom og ungdom før 1900.

Nesdal Indre vart spart i ulukka i 1905. I fleire kjelder m.a. i boka til Sigurd Nesdal er det omtala korleis dette gjekk til. "Noko av bølgja følgde djupålen i vatnet og fekk større fart. Denne bølgja vart reflektert av Bødalsfjellet på andre sida og støytte mot den delen av bølgja som gjekk langs med Nesdalslandet like før den kom til Indre Nesdal. Då folk i Indre Nesdal vakna og såg ut, var tuna dekte med snø og is til midt opp på husveggene, og vatnet strøymde ned i kjellarane".

Det var jordskifte på innmarka for garden Nesdal Indre i 1906, med kart oppteke i 1905. I og med at Nesdal Indre ikkje vart teke av båra i ulukka 1905, skulle kartet frå jordskiftet gje eit bilete av det gamle tunet. I følgje dette kartet låg hus langs ein veg som gjekk opp frå vatnet, og ikkje langs med vatnet som for Nesdal Ytre.

Det ser ikkje ut til at bruk nr 2 har fått nokon del av det gamle tunet og har derfor truleg blitt flytta ut ved jordskiftet. Tunet på bruk nr 2 vart bygt opp lenger oppe.

Ved ulukka i 1936 vart bruk nr 1 og bruk nr 3 skola bort av båra. Båra gjekk 30 meter opp om husa for bruk nr 2. Vatnet slo over huset, og den eine veggen vart slegen inn, men huset stod.

Den versjonen av ØK som eg har kjøpt frå Statens kartverk har manglefulle og feilaktige opplysingar om eigedomstilhøva i utmarka. Omtalen av utmarka er derfor usikker. Nesdal Indre hadde utmarka si på nordsida av elva i Kvanndalen og Ruteflåtdalen. Vidare hadde garden utmark på sørsida av elva i Kjenndalen. I tillgg hadde både Ytre og Indre Nesdal teigar på nordsida av Kjenndalselva. Dette går fram av utskiftningskart for utmarka til Bødal. I følgje Sivert Nesdal sine erindringar hadde bruk nr 1 i Nesdal Yttre sommar-kufjøs i Kjenndalen. Nesdalsgardane hadde derfor truleg sommarbeite i Kjenndalen.

Garden hadde 2 setrar i Ruteflåten på nordsida av elva. Framsetra og Ruteflåtsetra. På tilsvarade måte hadde Nesdal Ytre to setrar på sørsida av elva slik at det var 4 setrar i Ruteflåtdalen.