Nordfjord - Loen sokn - Nesdal IndreBilde - Kart - Tekst

Nesdal Indre

Bygdeskildring. Gardane Ytre og Indre Nesdal

Skortene

Det var to underbruk som vart kalla Skortene. Dei låg ytterst på neset mot vatnet på grensa mellom ytre og indre Nesdal. Det eine av desse høyrde til bruk nr 2 i Bødal og det andre til bruk nr 2 i Nesdal. Underbruket til Bødal låg truleg på den parten av Nesdal Indre som vart skilt ut og lagt til bruk nr 2 i Bødal ikring 1670, og som vart drive frå bruk nr 2 i Bødal til det 19. århundre.

Underbruka kan være bytta om i Bygdeboka. Etter Audun Loen si vurdering var det husmannsplassen til Bendix Larsen Nesdal som høyrde til Bødal. Han var gift med Eli Olsdatter Brynestad, og ho var dottera til Ola Knudsen frå Bødal som var brukar på bruk nr 6 på Brynestad. I følgje bygdeboka var sonen til Bendix Larsen, Ola Bendixen, ugift og han flytta til søstera si på Sæten. Det var då naturleg at det var denne plassen Anders Kolbeinsen Bødal overtok og som vart bruk nr 4 under Indre Nesdal. Både bygdeboka og Sigurd Nesdal si bok seier at bruk nr 4 hadde høyrt til Bødal. I følgje boka til Sigurd Nesdal skulle den andre bebygde plassen i 1905 høyre til Nesdal.