Nordfjord - Loen sokn - SætenBilde - Kart - Tekst

Sæten

Bygdeskildring. Garden Sæten

Flybildekart med oversikt over garden Sæten. Kjelde: Finn.no

Sæten ligg ved nederste enden av Lovatent. Innmarka ligg langs med Loelva på sørsida, og grensar i vest mot utmarka til Loen i Kvitefjellet. Garden Sæten har skogateigar både mot Loen og oppover langs med sørsida av Lovatnet.Utmarka på sørsida er delt av utmarka til garden Sande. Dette har samanehng med at utmarka legner oppe langs vatene høyrde til den histoirske garden Breng.

Breng var frå gamalt ein eigen gard som i følgje segna hadde 2 bruk, men har i den tid vi kjenner til vore ein del av Sæten. Nordsida av Breng vert nytta som sæter for Sætabruka og dette er eit mykje nytta fotomotiv, medan sørsida er skogsteigar. Frå Breng er det flott utsikt oppover Lovatnet mot Kjenndalskruna.
Bilde. Lovatent frå Breng mot Kjenndalskruna

Kartoversikt over garden Sæten med eigedomsgrenser.

Sæten har i dag gardsnr 80 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 49 i Olden skipreide og hadde då 51 som gammalt matrikkelnr.