Nordfjord - Loen sokn - SætenBilde - Kart - Tekst

Sæten

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane Breng

Breng er no, som før sagt, seter og slætte til Sæten, men var i mellomalderen ein bygd gard. Namnet er samandrege av den gammalnorske forma Breidingr, dativ i Breidingi, av breidr., brei, og ingr, attpåsleng, som t. d. i vintring, ungr i Greidungr. Namnet har omsyn til lægje. Lendet her er ei brei, vid flate, den einaste ein har ved vatnet mellom Sande og Bødal.

Breng er nemnd som gard både i Bj. K. og i diplom frå 1340, frå 1401 og 1469. Av Bj. K. ser vi at både Lo-kyrkja og Olde-kyrkja den tid åtte jordegods her. Og dipl. frå l401 og 1469 melder at Jon Ellendson og Ulvhild Jonsd. den tid åtte 7 m.m.b. i Breidinghi. (Sjå under Sæten.) Breng er ført i skattemanntal og jordebøker frå første bolk av 1600-årstalet som ein særskilt skyldsett gard, men brukt som underbruk under Sæten. I matriklane frå 1667 og 1723 er garden ført som underbruk til same under namnet Breuig. Breng var prestebolsgods og låg til Innvik prestebol.

Ei gammal segn kan seie av at Breng var bygd gard, som hadde to mann. Då garden vart øydelagd, vart den eine av dei med huslyd også øydelagd. Den andre hadde flytta frå garden før. Han hadde då lenge vore så ottefull at han var ikkje god for å vere her lenger. Og det var på høg tid. Om natta vart garden utteken med hus, innbu og fé. Truleg var det av vassdemme i Brengelva.

Breng ligg ved utlaupet av den stride fossande Brengsåa, som kjem frå breane i Brengsdalen. Når breane brest ut eller det går jordskred i dei bratte dalsidene, vert elva tidt demd opp, og når ho så bryt ut, gjer ho tidt stor skade. Sommaren 1926 hende denne tilburden, og mest halve Brengsbøen vart utteken. Det var så heppeleg at skaden hende om dagen då buskapane var på beite oppe i liene. Hadde det vore om natta, hadde vel buskapane stroke med, då det nett var bulægene som vart uttekne.