Hogrenning
Bygdeskildring. Garden Hogrenning
 | Kartoversikt. Garden Hogrenning |
Garden Hogrenning ligg omlag midt på Lovatent på nordsida, og ikkje så langt ovanfor Helset. Garden grensar i vest mot Helset, og i aust mot Raudi. Dette gjeld på begge sider av Lovatnet.
Hogrenning var eitt bruk til kring 1614, men vart då delt i 2 bruk. Ikring 1660 vart det største av desse delt i 2 slik at det då vart 3 like store bruk. I 1694 vart garden på nytt samla på 2 bruk og desse var og like store. I tillegg til desse bruka var det ein bygselplass, Sanden.
Hogrenning har i dag gardsnr 75 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 44 i Olden skipreide og hadde då 46 som gammalt matrikkelnr.
 | Kartoversikt over garden Hogrenning, avgrensa med eigedomsgrenser |
|