Personer - Ole Andreas Knutsen TjugenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ole Andreas Knutsen Tjugen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 12. Tjugenslekta på Johansbruket.

12.1 Kristianna Olsdotter Tjugen (1868 - 1937)

Slektskapen til sjurebruket. Figur

Kristianna var gift med Knut Andersson Tjugen (1868 -1918). Med dette giftarmålet kom Johansslekta på Tjugen saman med Antonsslekta og Sjureslekta i Loen. Kristianna var dotter til Ola frå Antunsbruket og Jannike frå Sjurebruket. PåJohansbruket veit vi at same slekta har livt sidan først på1600 talet. Tjugen er truleg ein svert gamal gard. Den gamalnorske forma var Tyfin med gamalnorsk T. Det vitnar om at det er ein "vin" gard, og dei som har denne endinga er rekna for å vere mellom dei eldste gardane i landet. Brukarane var leiglendingar, som dei fleste i desse bygdene var ifrå slutten av mellomalderen. Ei tid på 1600 talet var garden driven av futen Jørgen Post og kona Sofia Jonsdtr. Garden vart innløyst av brukaren Knut Johannesson som fekk skøyte i 1822. Det går segner om fleire av brukarane at dei var overlag sterke. Serleg er det mange segner om Johannes Knutson (1759-1844). Det fortelst at han tok ein labete på herda inne på Åsen, og han bad dei andre som var der å sende han ein stokk til lettingekjepp, og det var ei lasperre. Han bar både labeten og lasperra på herdane i ein gong frå Åsen og heim. Det var over 1 km. Også ein av sønene hans, Kristen,som var plassemann går det segner om kor sterk han var.

Inn i denne sterke og sermerkte bondeslekta var det Kristianna kom då ho gifte seg med Knut Anderson Tjugen. Han overtok bruket og fekk skøyte i 1891. Knut var ein interessert og flink bonde . Han dyrka opp mange mål av den steinete men flate eigedomen, og han la seg etter å få ein gild buskap både av kyr og sauer. Han var den første i Loen som tok til med reinrasa sheviotsau. Også kyrne utmerkte seg med mange gode premiar på bygdesjåa. Han var og ein interessert fjellmann, og han var i mange år førar og hadde tilsyn med Klaumannstårnet på Skåla. Han var og interessert i turistnæringa, og saman med fleire mann frå Loen var han formann for den skysstasjonen med 5 - 6 hestar som var stasjonert ved Hotel Alexandra. Dei dreiv med kalesjeskyss med to hestar. Dei var ofte på langturar til Mindresunde, Hellesylt og Øye. Turen til Mindresunde vart gjort på ein dag både fram og attende. Til Hellesylt (7 mil) og til Øye (8 mil) brukte dei ein dag fram og ein dag attende. Dette varde fram til krigen kom i 1914. Kristianna var ei stillfarande kone, men ho var kunnig og med i alt arbeid på garden både ute og inne. Kristianna og Knut hadde ein sers ordensans, og sette pris på å ha det velstelt. Sjøl kunne dei gjere arbeidet med å få til sko og klede til heile den store huslyden. Det var 11 born som vaks opp i denne søskenflokken: Brit, Josefine, Anders, Ole, Johannes, Anna, Oskar, Alf, Konrad, Oddny og Kristian. I 1918 døde Knut av lungebetendelse berre 51 år gamal. Borna var då så store at dei elste var farne heimanfrå, og Anders og dei andre søskena som var heime, hjelpte mor si så alt gjekk som før. Kristianna var ufør i dei siste åra og døde i 1937.