Personer - Ole Andreas Knutsen TjugenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ole Andreas Knutsen Tjugen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 12. Tjugenslekta på Johansbruket.

12.6 Ola Knutson tjugen (1897)

Han er den nestelste av gutane til Knut og Kristianna på Tjugen. Han har gått på jordbruksskule, hagebruksskule og lærarskule. Han styrde Johansbruket på Tjugen medan Anders var i Amerika i ca. 9 år. Han fekk lærarpost på Sortland og vart skulestyrar på Maurnes skule. Ved sida av læraryrket dreiv han gartneri med drivhus. Han var gift med Borgny Larsdtr. Hilde (1900 (c) 1978). Ho har gått folkehøgskule, og har vikariert som lærar i mange år. Etter oppnådd aldersgrense fløtte dei til Nes i Hedmark og bygde seg heim der. Også der fekk dei seg hage og dreiv med gartneri. Dei har desse borna: Knut, Kristi, Leidulf, Erling, Solveig og Olav.

Knut Tjugen (1937) er eldste sonen til Ole og Borgny. Han har teke artium, handelsgymnas og lærarskule. Han er inspektør ved Drammen ungdomsskule og dei bur i Drammen. Han er gift med Synøve Kristensen (1928) frå Eidsvoll. Ho er sjukepleiar. Born: Erling og Knut Inge

Kristi Tjugen Hagen (1929) har gått ungdomsskule, Stabekk husmorskule og er husmor. Ho er gift med Halvard Hagen (1922) frå Lunner. Han er formann ved Veterinærhøgskulen og dei bur i Oslo. Dei har desse borna: Arnulf, Elin, Ole Geir, Bente og Knut Erik

Leidulf Tjugen (1931) har artium, handelsgymnas, befalskule, lærarskule og Statens lærarskule i forming. Han erhøgskolelektor ved den pedagogiske høgskulen i Halden. Han er gift med Charlotte Lutken (1941) frå Kvissek i Danmark. Ho har artium og er bibliotekar. Dei bur i Halden. Born: Ole Bjørn og Karina.

Erling Tjugen (1934 (c) 1954) var berre 20 år då han omkom ved ei drukningsulukke. Det var eit tungt slag både for foreldre og søsken. Solveig Tjugen Kleven (1936) har realskule og Rosenvilde husmorskule, og ho er kontordame. Ho er gift med Kjell Fredrik Kleven (1937), fødd i Skoger. Han har artium og har studert bedriftsøkonomi, og er systemsjef. Dei er busette i Skien. Born: á�áystein, Oddbjørn og Marianne. Olav Hilde Tjugen (1942) er cand. real (statistikk hovudfag) og han er forskar. Han er gift med Kari Bråthen (1948) frå Ski og dei bur i Fjellhamar. Kona er sykepleiar. Born: Oddvar, Trygve og Karianne.