Personer - Jannike Andersdatter LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Jannike Andersdatter Loen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 11. Antunsslekta

11.2 Ola Antonson (1843 - 1913)

Med ekteskapet mellom Ola Antonson (1843 - 1913) og Janikke Andersdotter (1845 - 1915) er det at Antunsslekta og Sjureslekta kjem saman. Her vart det søskenbyte meddi Olina Antonsdotter gifte seg med Ola Anderson frå Sjurebruket. Den eldste av døtrene på Antunsbruket, Helga, var gift med bygdedoktoren Mattis Olson Loen. Han Antuns - Ola fekk skøyte i 1865, han var då 22 år gamal. Faren Anton levde enno i 7 år og hadde kår på garden. Det ser ut til at dei ofte i den tida let sønene overta garden i tidleg alder. Han Sjur-Ola fekk og skøyte på garden i 1865, og då var han berre 18 år gamal. Men det var truleg faren som styrde til han Ola gifte seg 20 år gamal.

Han Antuns - Ola var ein evnerik kar, og han var serleg interessert i frukthagen sin. Dei hadde ein stor, fin eplehage nedanfor kyrkjegarden før utskiftninga i 1898. I den tida budde Antunsane like opp til kyrkjegarden. Der stod husa tett i tett som ein landsby med Antunshusa nærmast kyrkja, og Halstein og Arne i same tunet. Nedanfor var det Magne, Sjure og Truls. Kvart bruk hadde mange hus og dei stod så nær saman, så det somme stader var berre så vidt ein kunne gå mellomn husa.

Han Ola var ikkje sers høg men kraftig og sterkbygd, og med lange og buskete augnebryn. Han vart tidleg dårleg til beins, det var truleg gikt som gjorde at han fekk skade i føtene. Men i staden var han meir enn vanleg handesterk. Det er fortalt om ein gong loarane var i eit brudlaup i Oldedalen. Det var kanskje i brudlaupet til Helga Olsdotter frå Inigardsbruket som gifte seg med Ingebrigt Yri på bruk nr. 1. Dette brudlaupet var truleg i slutten av 1860 åra. Mange av gardbrukarane i Loen var då i sine best år. Det var Ola Framigard, Gmle Lønden, Sjur©Ola og Antuns©Ola. Det har vorte sagt om dei at dei tolde godt sterke drikkar utan at det synte på dei.

Dei var prateglade og han Antuns -Ola vart noko høgrøsta. Då det leid ut i dette laget var det ein ungdom som gjerne ville prøve styrken sin med ein av lokarane. Dei samrådde seg, og fann ut at han Antuns©Ola var den mest hande- sterke, og fekk han først tak, var han ikkje god å kome ut for. Det vart til det at han skulle prøve seg. Han som ville prøve styrken til lokarane, heitte visst Jens. Då han kom, greip han Antuns - Ola tak i han med begge hendene og drog han inn i famnen sin, så den andre sat som i ei skruestikke. Og så tok han Ola han Jens i trøyekragen og buksebaken og slengde han langt i frå seg. Og då var han høgmelt og ropa ut at slike rotter kallar vi for myser, og er det fleire som vil prøve seg, så fekk dei kome fram. Det var ikkje fleire som melde seg. Og brudlaupet skreid fram og øltynnene vart tømde utan at det er nemnt om meir stridslyst i dette laget.

Han Ola hadde ingen annan skule enn den ungdomsskulen han gjekk i til han vart konfirmert. Men han var heile si tid overlag interesert i alt som heitte geografi, og lærar Arne Loen sa at han hadde så store kunnskapar i dette faget at han sikkert kunne setje fast mange med lærarutdaning.Då han vart gamal, vart han så dårleg i beina at han måtte gå med to stavar. Han var likevel med i slåtten. Han stødde seg på ljåen og ein stav, og så sette han staven inn mellom føtene og slo ikring seg så langt han nådde. Tok så staven for å gå fram eit skritt til for å nå grastromen, og slo ei ny skåre ikring seg. Og handsterk som han var, så muna det med slåtten på denne måten og. Ho Janikke, kona hans Ola, var stillfarande og arbeidssam. Ho var eit fredens menneske som ikkje førde ufred med nokon, og ho bar sin lagnad, som ikkje alltid vart så lett, med tolmod og utan å klage. Dei hadde tre born. Kristianna var den eldste. Ho vart gift med Knut Anderson Tjugen på Johansbruket, nr. 2. Om dei er det fortalt i bolken om Johansslekta på Tjugen. Og så hadde dei to søner, Anders og Ola.