Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Anders Salvessen SandeDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Salvessen Sande

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 2. Slekta sler rot (frå 1723)

Rasmus Olsen (brukar 1723)

Rasmus Olsen og Sigrid Håvardsdotter tok over garden i 1723. og frå dei har slekta på garden gått i bein line frå far til son fram til denne tid. Det gjekk truleg bra for desse to nye som tok til. Jordeboka av 1726 seier at Loen var ein stor og god gard til avling og hadde "ringe" (det er noko) "lunder" til fiske når åra var gode. Vi har nemnt sildefisket og fiske på sjøen (1727 fredlysing mot at andre fekk kaste etter sild på Lobukta, tinglyst 27.5. same året), men laksefisket var også i Loen ein god lunnende til garden. I Loelva var det både øret og laks, og Sjurebruket hadde sin eigen laksegard nede ved Kjæret. Kva tid den var oppsett veit ein ikkje, men eg hugsa bestefar fortalde om han, men han har sikkert,ikkje vore i bruk i dette hundreåret. I alle høve vart restane bortrevne i ulukka i 1905.

Garden Loen hadde også bjørkeskog og hasleskog. Der var det at karane fann seg vinterarbeid. Det var bjørk til famneved og hasl til tunneband. Om føresommaren for dei til Bergen med Nordfjordjekter og selde desse varene. Ei tid var det to jekter i Loen. Markusbruket og Knutebruket hadde ei jekt i lag. Den andre jekta var kalle Lojekta. Ei av jektene hadde truleg naustet sitt der dampskipsbryggja er no eller der i nærheita. Den andre jekta hadd naust i Markuskleiva i Lovik. Lojekta var borte før bestefar kan hugse, han tok vel til å reise med byføring kring 1865. Han forte at dei leigde jekter frå Fjelli, Innvik og Blakset. Denne jektetrafikken vart slutt kring 1914.

I Rasmus Olsen si styringstid vart det i 1732 halde åstadsak om merkelina mellom Loen og Auflem. Segna fortel at då dei var i marka og såg på tilhøva reid futen seg ned i ei myr, dei kalla Skitnedik, og han fall av hesten og sokk ned i myra. Auflemkarane var då snare og kom futen til hjelp og fekk han opp or myra og opp på hesten igjen. Nokre fortel soga slik at loarane hadde vorte arge på futen, og det var ein av dei som skuva han av hesten og ned i myra. I denne saka fekk ikkje loarane retten til å kome til fjells på sørsida. Merke er slik den dag i dag at ovanfor skogen på Middagsfjellet eller Auflemfjellet som det og heiter, ligg det ein stor merkestein som er skilje mellom Auflem, Loen og Sæten. Frå den steinen går merke rett til fjells. Med Sæten austafor og Auflem vestanfor denne merkelina, og Loen når såleis ikkje høgre til fjells enn til denne merkesteinen.

Sigrid Håvardsdotter døydde tidlegare enn mannen, og han gifte seg oppigjen med Anne Samuelsdotter som etter Bygdeboka var enkja til Jakob Olsen på Innigardsbruket. (tilføya av Audun: det var Jakob Olsen som vart gift med enka etter Rasmus Olsen (trolovet 6.6.1756)) Også i Rasmus si styringstid leid Loen skade av ymse slag, og i 1734 vart det halde avtaksforretning og det vart eit avtak på 232 laup til saman av skylda på garden.