Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Rasmus Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Rasmus Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 2. Slekta sler rot (frå 1723)

Ola Jokumson Flo

Ola Jokumson var frå Flo br.nr. 3 Jokumsbruket. Då stykksonen Rasmus overtok bruket og gifte seg, fløtte Ola bort frå bruket og tilbake til Flo. Men då var det kome eit nytt menneske frå Flo, meddi Rasmus gifte seg med Malene Jonsdotter Nedre flo i 1779. Ho var brordotter til Ola, og frå Jokumsbruket. Der var jamn velstand på bruket, og bestefar til Malene, Jokum Jonson hadde løyst inn bruket og fått skøyte på det i 1728. Han var gift med Malene Jonsdotter som var frå bruk nr. 2 Fridtunbruket, og henne var Malene oppatkalla etter. Jon, sonen til Jokum og Malene tok over bruket og vart gift med Berthe Rasmusdotter Erdal. Ho var frå bruk nr. 3 på Erdal, Larsbruket, også dei var sjøleigarar frå 1698. Det ser ut til at der var noko medel på dette bruket, såleis hadde Jørgen Haraldson som i 1603 var brukar,20 mk.ods. i Myklebust og Roti i Eid. Om v.s. Rasmus og kona Brite står det i Bygdeboka (side 328) "Dei åtte ymse sølv, m.a. ringar, belte, skeier." Berthe kom truleg frå ein velstadsheim og hadde eit godt heimanfylgje med seg då ho gifte seg med Jon Jokumson og fløtte til Flo, dei var det då som var foreldra til Malene som kom til Sjurebruket i Loen.

Rasmus Olsen hadde sikkert noko kjenskap til Malene før dei gifte seg. Han hadde nok vore til Flo saman med stykkfar sin i gjestebod, og det kan og tenkjast at dei frå Flo hadde vore på gjesting til Loen. Det kan såleis også vere noko kjærleik med i spelet til dette ekteskapet. Men så mykje som foreldra hadde å seie for giftarmåla til borna, så har dei sikkert på begge sider rekna det for å vere eit høveleg gifte. Og det har kome istand med godkjenning av alle partar.

Aaland seier at det er gamle ætter som bur på mest alle Flobruka. Ein kan følgje mange av dei 3-4 hundre år attende, og ein kunne sikkert knyta dei saman med dei gamle mellomalder ættene om ein hadde dei gamle ervebytebrev, skøyter og gåvebrev som der sikkert ein gong har vore. (Bygdeboka side 252). Den første ein høyrer om er Erlend Raude, om han melder Bj. K. at han gav ei sælebotsgåva for seg med l 1/2 M.M.B. i Flo i Oppstrionom til kyrkja på Eide (Nedstryn). Dette var i kring 1330, og då han alt den gongen var død, må han ha vore fødd kring 1250 eller noko seinare.

Fleire av etterkomarane hans var prestar. I 1328 høyrer vi om Sira (prest). Erlend som truleg var soneson eller dotterson til Erlend Raude. Og i 1466 høyrer vi om ei Solveig Erlendsdotter, og om kjøpet hennar av gods i Flo. På tinget i Stryn skipreide i 1543 kungjer Kolbein Herlaugson og Eirik Erlendson etter eit gamalt skinnbrev at Kolbein Eilivson hadde selt til si frenke Solveig Erlendsdotter det godset som hans fedre åtte i Flo for 5 mrk. Erlend og Kolbein som bor på Øvre-Flo saman med Oluff som bor i "Netter Floo" er nemnd i "Brevbrudsmantalet" i 1522. Dei to første seiest å vere ættlingar til Solveig Erlendsdotter. Frå den tid er det ikkje langt igjen før vi får kjennskap til slektene i nyare tid, så det er vel ikkje tvil om at det er ætteband mellom dei gamle og dei nye slektene på Flo.

Bruka på Flo gav årleg gode avlingar. Dei låg godt til mot sola. Dei var kjende for krøterstellet og for stor budrått frå fjøsen. Dei kom og tidleg i gang med fruktdyrking. Såleis finn vi i Bygdeboka (side 244) at det på Flo var fine frukthagar alt i 1727. Det er såleis ein produksjon som dei tok til med for lang tid sidan og som høvde godt. Det er noko som har halde fram og i det siste har vorte sterkt auka.