Simon Olsen Rake
Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket Rakel Karolusdtr. Marså (1873 - 1947).
Rakel gifte seg inn på Kolbeinsbruket. Mor hennar, Brite Marså, kom frå Framigardsbruket på Rake. Rakel gifte seg med Simon Olson Rake (1867 - 1972). Simon var eldste son til Ola og Pernille Rake. Simon hadde stor interesse for sjøen, og han var notbas på storenota når dei dreiv sildefiske, elles hadde han ei mindre kastenot som dei brukte etter småfisk og ørret. Han var med i Innvik heradsstyret. Noko av det siste dei gjorde før Simon døde var at dei bygde eit stort stovehus på garden. Han vart ingen gamal mann og døde 60 år gamal. Dei hadde desse borna: Ola, Pernille, Bertanna, Kristina, Ragna og Simon. Dei site to var tvillingar. Dei hadde og ein liten gut som heitte Knut og som døde som barn
|