Rake
Bygdeskildring. Garden Rake
 | Flybildekart med oversikt over garden Rake. Kjelde: Finn.no |
Rake ligg på eit nes inn mot Olde-bukta og Lo-bukta. På neset er det fyrtårn. Garden ligg langs med stranda frå grensa mot Loen i aust (Solvik) til grensa mot Marså og Strand i vest. I Nord grensar Rake mot Oppheim som ligg ovanfor. Frå Loen ser ein berre den delan av Rake som ligg på austsida av Raksneset med Solvik. I Solvik kan dei sjå sola heile året, medan garden Loen er utan sol i desmber og januar.
Opphavleg var vel Rake 2 bruk, og fram til utskiftninga i 1869-70 var bruka samla i to tun oppunder bøgarden. Både i skattematrikkelen frå 1647 og matrikkelen frå 1838 hadde Rake 6 bruk. I matrikkeln fra 1886 var det 10 bruksnr. I seinare tid har det blitt skilt frå bustadtomer m.a. i Solvik.
Rake har i dag gardsnr 82 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 3 i Olden skipreide og hadde då 2 som gammalt matrikkelnr. I matrikkelne frå 1886 fekk Rake gardsnr 3 i Indviken herred.
 | Kartoversikt over garden Rake med eigedomsgrenser |
|