Anders Olsen Loen
Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 13. Sjureslekta i Amerika, del 1.
Borna til Anders Olsen og Olina Arentsdotter
13.1 Arent Anderson Loen
Arent var den andre i søskenflokken, og heitte etter bestefaren sin, Arent Arentson Rake. Då han vart vaksen var det fleire som hadde teke til å fare til Amerika i frå Loen, og Arent fekk hug til å reise. Han reiste til Amerika kring 1870. Der borte fekk han seg land og tok til som farmar. Han gifte seg med ei kvinne som kom frå Lillestøl i Hornindal. Dei hadde ikkje born, og Arent døydde i sine beste år. Han hadde hatt lite kontakt med heimen sidan han for. Då han var død, vart det heimsendt noko klæde til Ola, bror hans, mellom anna ein dress og ein diplomatfrakk. Ola gjekk alltid med heimevovne klæde, og han gav diplomatfrakken til Loen ungdomslag. Der nytta dei han i skodespel når det skulle vere embetsmenn med eller det var storfolk
|