Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 3. Hungersår og tronge kår (frå 1783)

Ny røykstove (tømmeret, transport og saging)

Etter kvart vaks no borna til og vart til stor hjelp. Dei hadde no fleire gutar som var i vaksen alder. Dei fekk leggje i veg no dei hadde folkehjelps og i alle høve hogge og få heim tømmeret til den nye røykstova. Så var det å niste seg ut og ta gutane og hesten med seg og fare ut til Dalemannen og få kjøpe skog på rot, og hogge og køyre det ned til Faleide. Arbeidet gjekk godt undan for dei var svert huga på nytt hus både dei eldre og dei unge.

Då våren kom låg det ein stor lunne med material ved sjøen på Faleide. No var det å få båtar og mannskap med seg, for no skulle tømmere på sjøen og bindast saman i flåte, og så skulle ein med båtane ro flåten inn til Loen, beinleies er det vel ei og ei halv mil å ro. Dette var eit seigt arbeid som kravde sterke og uthaldande karar.

Når dei så kom til Loen var det å drage dei tunge stokkane iland og lagra dei på Naustbakketeigane. Her vart det så setje opp stilas for å få saga tømmeret. Det var to mann som hadde arbeidet med saginga, og det laut vere vande karar. Ein stod oppe på stilaset og ein ned under. Også dette var eit langvarigt og seigt arbeid.

Når alt var ferdig oppsaga vart det ny dugnad, og no med hest og mann. Og no var det ofte at lokarane ville prøva hestane og sjå kven som hadde sterkaste hesten. Dei sparde ikkje å lesse på, og det galt no at hesten ikkje stogga før han hadde fått det over den verste kneiken. Det gjekk på æra laus om hesten stogga og ikkje greidde å løyse lasset igjen, og dei måtte sprette frå og få ein annan hest til å ta lasset fram.