Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Andreas Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Andreas Olsen Loen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 16. Markusslekta

16.2 Olina Andreasdotter Loen (1905)

Olina vart gift med Karl Markusson Loen (1901 - 1951). Han var den nest yngste av borna til Markus Loen. Då faren fall frå, var det han som overtok garden i 1937, og i 1947 fekk han skøyte. Han har gått Mo jordbruksskule og hotellfagskulen i Bergen. Han var postopnar og styrde dampskipsekspedisjonen. Han styrde og Kjenndals restaurant, og fekk han bygd opp igjen etter ulukka lenger inne i Kjenndalen. På garden tok han seg serleg godt av frukthagen. Han planta nytt og fekk eit stajonært sprøyteanlegg. Han bygde hønsehus, og var interessert i alt slags husdyrbruk. Han kom tidleg med i fjøskontrollen, og hadde ein gild buskap. Han stilte ut fleire premioksar saman med Olav A Loen.

Olina hadde husstellet og gav mannen god hjelp i arbeidet på garden, og dei tok tidleg til med jordbærdyrking. Ho har gått framhaldsskulen i Loen og Norstrand husstellskule ved Oslo. Dei har desse borna: Idun, Marit, Markus Alfred og Agnar. Då Karl fall frå, var dei eldste borna så vidt vaksne, og ho Olina måtte i mange år stå for stellet på garden. Ho hadde framgang både med frukt og bær. Ho var i mange år forkvinne for Loen og Rake Bondekvinnelag.

Markus Karlson Loen (1934) var den eldste av gutane. Han gjekk Langvin jordbruksskule. I 1960 gifte han seg med Olga Matiasdotter Sæten (1939) og dei tok over drifta av bruket. Han fekk skøyte i 1968. Olga har gått realskule i Stryn og husmorvikarskule på Voss. Fruktdyrkinga har hatt stor framgang på garden, og halve garden er no utplanta med frukttre. Resten av den dyrka jorda vert nytta til grønsaker og jordbær. Dette har gått ut over høyavlinga og i 1977 slutta han med mjølkeproduksjon, og dei har sidan ikkje drive med husdyr. Markus har hatt mange ombod. Han har vore i kommunestyret og i jordstyret, og han har vore mykje nytta som domar i utskiftningssaker. Dei har 4 born: Karl Ove (1961), Matias (1962), Lisbett (1966) og Gro Anita (1969)

Idun Karlsdotter Loen (1931) har gått eitt år realskule i Stryn og har sidan 1952 vore postopnar i Loen. I 1957 gifte ho seg med lærar Per Solheim (1919). Han har gått realskule og Firda gymnas, handelsskule i Volda og Volda lærarskule. Han har vore lærar i Erdal skule i Oppstryn, og er no rektor ved Loen skule. Han var og i mange år klokkar i Loen kyrkje og formann i Loen sokneråd. Han har vore medlem av Stryn kommunestyre. Dei har kjøpt Markheim, gnr 70, bnr 77 og bygt seg heim der. Dei har to born: May Elin (1958) og Kjell Edvin (1963).

Marit Karlsdotter Loen (1933) har gått realskulen på Sandane. Ho har arbeidt i postkontoret i Hornindal og Bryggja, og arbeidde i mange år på postgirokontoret i Oslo til 1964. I Oslo-tida var ho med i idrettslaget Vestar. Ho er gift med Sverre Lundestad (1933) frå Gloppen. Han har gått Firda Gymnas, og utskiftningsavdelinga på Ås landbrukshøgskule. Han har arbeidt ved utskiftningskontoret i Sandnes, Sarpsborg og Sandane. Han har vore utskiftningsdomar i Vadsø og er no utskiftningsdomar i Ørsta. Medan han var utskiftningsdomar i Vadsø var han vald inn i bystyret av senterpartiet. No har dei bygt seg heim i Ørsta. Dei har 2 born: Kari (1965) og Hans Karl (1966)

Alfred Karlson Loen (1937) har gått realskule i Stryn og teknisk skule i Bergen. Han arbeider no på Sogn og Fjordane vegkontor i Leikanger. Han er formann i aktieselskapet Hotel Alexandra. Der har det vore store utvidingar og nybygg medan han har vore formann. Alt er no bygt i betong og ingen av bygningane er eldre enn frå 1952. Alfred gifte seg i 1960 med Valborg Sigurdsdotter Løkeland (1939). Ho har gått handelsskule og husstellskule, og har sidan dei gifte seg vor husmor. Dei har bygt seg heim i Hermannsverk. Dei har 4 born: Liv Erene (1961), Oda Karin (1964), Vivi Anne (1968) og Heidi (1974). Agnar Karlson Loen (1943) har gått ungdomsskule i Stryn og folkehøgskule på Manger. Postskule gjekk han i Sandefjor og Oslo. Han er no postpakkemeistar i Skien. Agnar gifte seg i 1967 med Sissel Heibø frå Skien. Ho har gått ungdomsskule og tok sjukesøsterskulen i Oslo. Ho er avdelingssjef på aldersheimen i Skien. Dei har kjøpt seg hus med jordeigedom til i Melum og bor der. Dei har 4 born: Kjetil (1968), Trond (1970), Erik (1972) og Ragnhild (1976).