Marte Eriksdatter Skarstein
Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 3. Sjurebruket frå 1800 og fram til i dag
3.2 Ola Andersen Loen (1847-1928)
Han Ola var ikkje meir enn 18 år då han fekk skøyte på garden, og i sitt 20. år gifte han seg med Olina frå Antunsbruket (1840-1901). Også denne gongen var det søskenbyte på Sjurebruket. Ho Jannike, søster hans Ola, vart gift med Antuns-Ola. Han Ola og ho Olina fekk snart ein stor huslyd. Far og mor hans livde som kårfolk, og så hadde dei både dreng og terne i teneste heile året, og dei hadde i alt 6 born. Han Ola fortalde at dei var 12 menneske til bords i mange år. Han Ola hadde godt arbeidsmod, og ho Olina hadde husstellet, spann og vov og sytte for klæde til alle
Han Ola hadde og god helse like til sin høge alderdom. I hans tid var det utskiftning som slutta i 1898. Då bygde han alle fjøsane og lada under eitt tak. Dei hadde desse borna: Olina, Kristine, Andrine, Anders, Andreas og Lars. Olina vart gift inn på Monsbruket i Loen (sjå om henne underMonsslekta). Kristine, Andrine og Anders reiste til Amerika (sjå om dei i bolken om Sjureslekta i Amerika. Del 2).
Andreas overtok Sjurebruket. Lars døde i konfirmasjonsalderen
| Fig. Ola Andersen sine etterkomarar |
|