Bygdebase for Sjurebruket i Loen.
Basert på HBR-modellen

Siste oppdatering: 11.1.2025.

Bruka i Loen

INNHALD

0. Kor innleiing
1. Om HBR-modellen
2. Loen sokn .
3. Garden Loen gnr. 70
4. Sjurebruket bnr. 70/6
5. Slekta på Sjurebruket (70/6).

0. Kort innleing

Dette er ein mini bygdebase for Sjurebruket i Loen. Den er meint som eksempel på ein bygdebase basert på HBR-modellen. Slektsdelen har lenke både til Lokhis og til HBR for samanlikning. I dette notatet er det også med ei kort orientering om bygdebase og HBR-modllen. Ellers kan ein vise til eige notat om bygdebase.


Låve, stabbur, gamlestova og nystova på Sjurebruket ca 1910.

1. Om HBR-modellen

Ein bygdebase kan definerast som ei nettbasert løysning som forvaltar og gir tilgang til gards- og slektshistorie for eit avgrensa område. Bygdebase er dermed eit alternativ til bygdebok. Ein bygdebase har mange fordelar samanlikna med bygdebok sjå eige notat

Eg har etablert og driftar ein privat bygdebase for Loen sokn (Lokhis). Ulempa med privat bygdebase er den raske utviklinga i datateknologien. Drift av databaser knytta til privatpersonar er derfor inga varig løysein. Drifta av databasar må forankrast i ein varing organisasjon. På same måten som andre private opplegg blir også min database borte etter mi tid.

Eg har derfor vore på leiting etter eit bygdebaseopplegg som vert drifta av det offentlege arkivverket som integeret del av arkivverekt sitt eige ansvarsrområde. Eg har ingen visjon om at arkivverket skal tilpasse sine data til databaseopplegget eg har nytta i Lokhis. Det alternativet eg kan sjå for meg har eg kalla HBR-modellen. HBR står for Historisk befolningsregiser. Dette registeret er under etablering og har som integrert del både familieside og livslauptabell basert på kjeldehendingar. Dette opplegget tilsvarar på mange måtar slektsdelen i Lokhis og kan nyttast som slektsdelen i ein bygdebase. Sjå arkivverkets presentasjon av HBR (Meny for presentasjon av HBR inngår nå som topptekst for familiesider).

Ein vesentleg del av bygdebøker er historiefortelling for grender, gardar og bruk. Det vil være ein viktig del også for ein bygdebase. Denne delen kan være tekstbasert. Digital tekst basert på Html- eller Wikki-teknologid kan ivareta mange av fordelane med databaseløysing samanlikna med ei trykt bok. Teksten kan forvaltast i Lokalhistorie-wikki, og på den måte få eit varig liv.

Samankopling av gards- og brukshistoria med slektshistoria kan skje på same måten som i bygdbøker med liste over eigarar og brukarar (bygslarar) knytta til buk/bustadar. Desse personane må finnast igjen i HBR og få tildelt lenke til 1 kildeperson kvar. Dette kan være fødsel, vigsle, gravferd eller noko anna. Når kobling og lenking blir fullført i HBR vil dette automatisk gi tilgang til komplett familieside og livslauptabell for personen og heile slekta vidare. På andre sida kan feilkobling i andre prosjekt øydeleggje for det som har blitt etablert. Da kan det oppstår "monsterpersoner" som er ei sammenkopling av to eller fleire ulike personar til ein og samme persone. Dette har skjedd for ein person i slekta for Sjurebruket (har blitt korrigert seinare ved å fjerne feilkoplinga).

Dette notatet er ein mini bygdebase for Sjurebruket i Loen gnr/bnr 70/6 i Stryn kommune. Føremålet med denne vesle bygdebasen er å vise bruk av HBR-modellen i praksis. Kobling og lenking i HBR var ikkje komplett for Loenområdet i utgangspunktet (1.6.2024). Med hjelp frå ein person knytta til HBR-prosjektet har eg fått hjelp til kopling og lenkning for alle kjeldehendingar som eg har funne for eigarar og brukarar knytta til Sjurebruket. For Ole Andersen f. 1847 er kobling og lenking i HBR tilnærma komplett samanlikna med Lokhis.

Tekstdelen i dette notatet omfattar berre Loen sokn, garden Loen og Sjurebruket i Loen. Ingen andre gardar eller bruk er omtalt i denne vesle bygdebasen. Lenke til slektsinformasjon for personar i tekstdelen er etablert berre for eigarar og brukarar knytta til Sjurebruket. Både i HBR og i Lokhis kan ein klikke på ein person og bla vidare i slekta. Med fullstendig kobling og lenking for heile landet, vil ein kunne følgje slekta vidare også utanfor Loen kyrkjesokn. Bygdebasen for Sjurebruket har lenke til slektsdelen både for Lokhis-modellen og for HBR-modellen (for samanlikning).

For meir inforamjon om datamodellen vert det vist til Eige notat om HBR-modellen

Olav A. Loen har skrive ei bok om Sjurebruket i Loen. Garden og ætta. I dette notatet er det ved fleire høve nytta teskt frå denne boka. Boka er tilgjengeleg digitalt her

På vegen mot Sjurebruket i denne omtalen går ein direkte til Loen sokn.

Til dokumentstart.

2. Loen Sokn

Loen sokn. Oversikt

Loen sokn. Bygdeskildring

Nordfjord endar i tre fjordarmar. I nord går fjorden inn til Stryn og i sør til Olden. Mellom desse går fjordarmen Loen mellom Raksneset og Tyvaneset inn til garden Loen. Nordsida av fjorden mellom Stryn og og garden Loen høyrer i dag til Loen sokn. Frå fjordbotnen går Lodalen først i aust, sidan i søraust vel ei mil inn mellom dei høge fjella. Mellom fjorden og Lovatnet er det eit eid på ca 3 km med 4 gardar, og gjennom dette eidet renn Loelva som har to fossar.

Mest heile Lodalen er fylt opp av Lovatnet som er 12 km langt, 1,5 km breitt og ligg 52 meter over havet. Lengst inne kløyver dalen seg i tre tronge dalar: Bødalen i aust, Kjenndalen i søraust og Kvanndalen i sør. Gjennom alle desse dalane renn det elvar med smeltevatn frå brearmar. Ved utlaupet av alle desse dalane ligg det flate delta, men i dag er busetnaden borte frå desse på grunn av ras og flodbølgjer. I tillegg til gardane ved utlaupet av desse dalane ligg det 4 gardar langs Lovatnet.

Under avsmeltinga etter siste istid vart Lovatent liggjande som fjordarm. Først for ca 9000 år sidan hadde landet stige så mykej at Lovatnet vart isolert frå fjorden (kjelde: Atle Nesje i Fjordingen 23.juni 2007).

Loen sokn. Naturen

Tilbake til Loen sokn

Ved fjorden er bygda relativt open, men innerst i Lodalen opplever ein fjella høgare og villare enn nokon anna stad i indre Nordfjord.

For presentasjon av naturen er det i LOKHIS teke i bruk diverse opplegg for visning av naturen. Bilde kan ofte fortelje meir enn ord. I ein digital tekst kan ein ta med lenke til omfattande bildegalleri med mange fleire bilde enn det er plass til i ei trykt bok. I den digtale teksten kan det også leggjast lenke til vidioer og bildevidioer. Her er det lenke til presentasjonar av nature i Loen baseret på bilde.

bilde-galleri
bilde-video

Loen sokn. Gardane.

Loen sokn omfattar no gardane langs fjorden mellom Stryn og Loen og alle gardane i dalføret opp frå Loen.


Mellom fjorden og Lovatnet ligg det 4 gardar: Loen (14 bruk), Tjugen (2 bruk), Haugen (1 bruk ) og Sæta (9 bruk). Loen er den største garden i Nordfjord, og er sentrum for sokna. Her ligg kyrkja, folkeskulen og nærbutikken. Tidlegare hadde Loen eige postkontor, 6878 Loen som vart nedlagt i sluttan av 1990-åra. Loen er elles kjend for Hotell Alexandra, grunnlagt av Markus Loen, og Nordfjord Kjøttindustri. Før var bruka i Loen samla i to tun, eitt på kvar side av kyrkja. I kvart av tuna var det mange hus. Gjennom to jordskifte (1898 og 1968) er fleire av bruka no flytta ut av tunet.

På nordsida av vatnet ligg frå vest og austetter: Sande (2 bruk), Hellset(2 bruk), Hogrenning (2 bruk), og Raudi (1 bruk). Midt for Bødalmunningen ligg Bødal (7 bruk) og for Kvanndalsmunningen ligg Ytre og Indre Nesdal (3 bruk kvar). Nesdalsgardane og Bødal var lagt øyde gjennom dei to store rasulukkene i 1905 og 1936. I desse ulukkene omkom 64 og 72 menneske.

På nordsida av fjorden er det bratt både mot Stryn og mot Loen, men nede under Oppheimsfjellet er lendet meir slakt. Her ligg gardane Rake (10 bruk), Marså (1 bruk) og Oppheim (4 bruk). Frå Oppheim som ligg hødt oppe er det eit storfelt utsyn over Olden, Loen og utetter fjorden. Lenger ute langs fjorden under fjellet ligg garden Strand.

Loen sokn omfattar følgjande gardar:
70 Loen
71 Tjugen
72 Haugen
73 Sande
74 Helst
75 Hogrenning
76 Raudi
77 Bødal
78 Nesdal indre
79 Nesdal Ytre
80 Sæten
81 Opheim
82 Rake
83 Marså
84 Strand

I eksisterande bygdebøker for Stryn er den lokale historia knytt til gardane medan det for kvart bruk berre er med liste over eigarer og bygslarar og litt familie for desse. I Lokhis er det teke med testleg omtale for alle gardane i Loen sokn. Her i dette dokumentet går ein direkte til garden Loen på vegen mot Sjurebruket. Ny og mykje meir omfattande og ajoruført histore vil kome med i den nye bygdebokserien for Stryn kommune.

Til dokumentstart.

3. Garden Loen

Gard. 70 Loen. Overrsikt

Om garden Loen

Garden Loen ligg inst i Nordfjord heilt nede ved fjorden. Garden har i dag (1999) gardsnr 70 i Stryn kommune. Frå gamalt hadde garden matrikkelnr 41 og i matrikkelen i 1838 fekk garden matrikkelnr 39 i Olden skipreide.

I følgje bygdeboka er Loen den største garden i Nordfjord. "Teigane" som låg innover frå tunet vart brukt til åker i fleire hundre år, og skulle være største åkeren i fylket. Kvar av brukarane hadde sin lut i åkeren og hadde 2 dagars pløgstr. Åkeren vart sådd med halvparten bygg og halvpaten havre, og kvart år var det ombyte på kornslaga (kjelde: Bygdeboka)

Loen var truleg ein av dei opprinnelge gardane i Indre Nordfjord. Garden grensar i aust mot Tjugen på nordsida av elva og mot Sæten på sørsida. I sør grensar Loen mot Auflem og i vest mot Rake.

Det var jordkskifte på garden i 1898. Utskiftningskartet som vart teke opp i 1896 viser alle teigane i Loen. Det var då ca 1100 teigar på innmarka fordelt på dei 14 bruka. I oppdrag for samanliknande kulturforskning fekk Olav A Loen skrive på namna på teigane både på innmarka og utmarka med hjelp frå Lars A Loen (Arnebruket). Kart med namn på teigane er teke inn i «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta». Det var jordskifte på utmarka i 1927, og nytt jordkifte på innmarka i 1966 (overjordskifte 1968). I samband med jordskifta er det i alt 7 bruk som har fått husa sine flytta ut frå dei gamle tuna. Dette er omtalt nærare for kvart bruk.

Bruka hadde slåtteteigar i utmarka og lader der dei samla høyet. Høyet vart henta heim på snøføre om vinteren. Olav A Loen har fått avmerka på kartet kvar dei ulike bruka hadde lader (sjå Garden og ætta, kapittel 10.3 med kart frå utskiftninga i 1927). Loen hadde to sætrar: Høgesetera ligg på nordsida på Lofjellet, i ca 800 - 900 meters høgd. På sørsida låg Lostøylen i ca 300 meters høgd over havet. Det var på Lostøylen dei hadde kyrne på beite medan dei vart mjølka. På Høgesetra var det såtteteigar med slått før dyr vart slept på beite der seinare på året.

Garden Loen. Naturen

Innmarka på garden Loen er flat, men garden er omgitt av fjell på 3 kantar. Mot vest er det åpent med utsikt ut over fjorden (Nordfjord).

I LOKHIS er presentasjonen av naturen gitt i form av diverse bildepresentasjonar i digital form. Også eit bygdebokprosjekt bør medvikre til innhaldet i eit digtalt bildearkiv. Av eigen erfaring veit eg at det finns mykje bilde kringom i heimane. Det var ingen fotgrafar i min familie men det fanns likevel mange bildealbum med bilde utan tekst. Eg fekk identifisert innhaldet på mange bilde men dette vart ikkje gjort fullstendig. No er alle dei som kunne identifisere desse bilda borte. For kvart år blir det stadig fleire bilde som det ikkje lenger finns nokon som kan indentifisere. Kanskje ein tekstbasert bygdebase bør ha ei bildearkiv på same måten som det vert lagt opp til for personar/slekt.

Sjølv om dette dokumentet liksom skal represenetere eit tekst-basert alternativ for bygdebase er det teke med kopi av bildegalleri som inngår i Lokhis

Fottur rundt Loen 2017
Loen historisk

Garden Loen. Bruka

Sidan midten av 1700-talet har garden Loen vore delt på 14 bruk. Frå gamalt var det private jordeigarar som åtte mesteparten av Loen, men ein del var prestebolsgods. Dei eldste brukarane vi kjenner til var leiglendingar, men utover i 1700 og 1800 åra vart bruka etter kvart innløyst av brukarane.

Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Som eksempel kan ein nemne Sjurebruket som hadde namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. I Bygdesoga for Innvik - Stryn er det fullstendige lister over brukarane på bruka i Loen frå ca. 1600. Olav A Loen har skrive om Sjurebruket og det daglege livet for slekta som levde på bruket (Garden og Ætta. Sjurebruket i Loen. Trykt 1979). I denne boka er det lagt mest vekt på å få skrive ned det han hadde fått fortalt frå gamle folk, og det han sjølv hadde opplevd, men det er og med opplysningar frå trykte kjelder.

Garden Loen hadde tidleg to tun. Som dokumentasjon for dette viser Bygdeboka til diplom dagsett 25.1.1356 der øvre tunet i Loda er nemnt. Det er sikkert dei same tuna som har utvikla seg vidare til tuna slik dei var før jordskifte i 1898. I boka «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta» er det med kartskisse som viser alle husa, med liste over kva slag hus det var og kva bruk dei tilhøyrde. Det var då i alt 106 hus. Det var 6 bruk i tunet nedanfor kyrkja og 8 bruk ovanfor.

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. I 1615 vart hovuparten kjøpt av Jon Lauritzen frå Beate Huitfeldt. Enkja etter Jon Lauritzen, Lisbeth Torsteinsdotter, arva Loen. Ho gifte seg med futen i Nordfjord, Peder Jørgensen. Fut Peder Jørgensen og borna til Jon Lauritzen arva Loen etter Lisbeth Torsteinsdotter. Han budde i Loen og dreiv mange av bruka frå ca 1630. Vidare omtale av eigedomsutviklinga er omtalt i den delen som gjeld kvart bruk.

Tidlegare bygdebøker for Stryn har ikkje hatt med historefortelling om bruka. Det som har har blitt publisert er ei samling av opplysnngar om dei som har vore eiagarar eller brukarar (bygslarar) av kvart bruk. Som eksemple er det nedanfor kopiert inn det som var teke med for Sjurebruket i Loen (70/6).

I ei bok er det ikkje plass for historefortelling med masse bilder for kvart bruk. I lokalavisa (Fjordinge) er det fortalt om at entusiastar i grenda Tistam har samla histore og bilder og overlevert 600 sider med bygdesoge til bygdebokskrivaren for den nye Strynesoga. I Lokalavisa er han referert med følgjande: "dei på Tistam har samla inn langt meri enn det eg kan få plass til i den nye Strynesoga. Men no ligg det det der for ettertida i alle fall"

Sjølv om dette vert for mykje stoff for ei bok kan det derimot være plass i ein bygdebase sjølv om den er basert på tekst som basis. Bygdebasen kan då ha ei liste over alle bruka. For kvart bruk kan det være lenke til kapittel med detaljar for kvart bruk (dette er vanleg teknikk i wikkien). Tilsvarande funksjon er etablert i Lokhis basert på database som kjerne. Lesaren kan då slå opp detaljar berre for dei bruk som er av spesiell interesse. I dette dokumentet er det teke med berre detaljopplysningar for Sjurebruket i Loen (70/6)

På garden Loen var det fram til 2020 14 hovedbruk. I Lokhis er det i tillegg teke med 28 bustadar/plassar etablert før 1960. Seinare har det vore utbygging av busader i fleire bustadfelt (td. Lovik og Kvitefjell). Eg reknar med at det i den nye Strynesoga for Loen vil kome med eit stort antal nye bustadar. Nedanfor er det liste over dei 14 hovebruka.

70/1 Erkebruket
70/2 Markusbruket
70/3 Magnebruket
70/4 Antonbruket
70/5 Isakebruket
70/6 Sjurebruket
70/7 Monsbruket
70/8 Framigardsbruket
70/10 Knutebruket
70/11 Trulsbruket
70/13 Løndabruket
70/14 Arnebruket
70/15 Halsteinbruket
70/16 Innigardsbruket
Frå denne lista er Sjurebruket valt for vidare omtale.

Til dokumentstart.

4. Sjurebruket i Loen (70/6).

Sjurebruket var eitt av dei 14 hovedbruka på garden Loen med bruksnr 6 under gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 hadde bruket løpenr 121. Skylda på bruket var 4,12 mark i matrikkelutkastet frå 1950.

I 2020 vart vångshuset frådelt og fekk bruksnr 70/251. Resten av bruk 70/6 vart selt som tilleggsjord til bruk nr 70/1. Ved oppslag på gardskart i dag vil ein finne bruket som grunneigedom tilhøyrande bruk 70/1. I denne teksten er bruket omtalt slik det var før 2020.

Gardskartet nedanfor viser Sjurebruket slik det er omkring år 2000.


Bruket hadde desse teigane:

Sjurebruket hadde ca 50 dekar jordbruksareal og vel 200 dekar produktivt skogareal.

Denne innleiinga om Sjurebruket er frå eit prosjekt der eg hadde tenkt å skrive ein artikkle for kvart bruk i Loen og kombinere dette med innsamling av bilde. Mitt prosjekt med innsamling av historie og bilde for bruka i Loen sokn vart ikkje fullført og det er med historie berre for nokre få bruk. Eit av desse bruka er Sjurebruket i Loen. I staden for å koiere heile denne artikkelen inn her er det tatt med lenke til artikkelen. Tekst_bruk70_6).

Til dokumentstart.

5. Slekta på Sjurebruket i Loen (70/6).

5.1 Generelt om eigar/brukar-tilhøve.

Kjelde: Loen historisk av Audun Loen

Eigedomsrett.
I følgje historieboka heiter det at dei lovene som vart skriftfesta på 1100 talet viser at med unntak av Vestlandet var dei fleste bønder i Noreg sjølveigarar (kva med Vestlandet).I ein ny lovredaksjon frå midten av det 13. hundreåret (1200-talet) vart det rekna med at bøndene stort sett var leiglendingar over heile landet. I perioden frå ca 1100 e. kr. til ca 1250.e.kr gjekk derfor hovudtalet på bønder over frå å være sjølveigarar til å bli leiglendingar. For Vestlandet kan dette ha skjedd tidlegare.

Jordegodsdanninga har skjedd i fleire fasar. I den første fasen, som gav kongar og verdslege stormenn samfunnsherredømet i Noreg kom heile gardar på same eigarhand ( Holmsen: Norges historie side 288). Gjennom seinare utøvinga av samfunnsmakta var det også delar av gardar som skifte eigar, og bondegods og kyrkjegods var ofte sterkt oppdelt i partseige.

Eksempel frå Egilsoga side 15. Kap: Kong Harald tek Møre og Fjordane.
I kvart fylke eigna Harald til seg all odel og alt land, bygt og ubygt, og jamvel sjøen og vatna, og alle bønder skulle vera hans leiglendingar.

Korleis eigedomsdanninga har foregått for garden Loen er delvis gjetning frå mi side. I og med at Loen var på ei eigarhand (med unntak av ein prestebolspart) i starten av den tid vi kjenner, tyder det på at jordegodsdanning som omfatta Loen, hadde skjedd i den tidlege fasen. Det er derfor grunn til å tru at alle bøndene i Loen var leiglendingar alt før 1100 talet, og at den som åtte garden ikkje budde der.

Leiglendingar og skyld.
Sal av gardar og gardpartar førte ikkje til at bonden måtte forlate garden. Han heldt fram som brukar, men betalte landskyld til den som var eigar. Med dette som utgangspunkt vart eige og partseige å oppfatte som rett til heile eller ein bestemt part av landskylda. Partseiget var ikkje knytt til noko bestemt areal innan garden, berre til ein bestemt andel.

Regelverket omkring jordleige som vart utforma i Magnus Lagabøtes landslov finn ein igjen i Kristian IV norske lov omsett til dansk på 1600-talet.

Kyrkjer , kloster m.v som hadde mykje jordegods, hadde bruk for register over sine eigedomar. Dette er dei eldste skriftlege kjeldene som gir oversikt over jordeigedomar.

Frå 1700 talet kom husmannsvesenet inn som eit system for å fange opp folkeauken som på nytt skaut fart. Frå slutten av 1800-talet gjekk veksten i folketalet til Amerika. Frå 1500 talet har ein skriftlege kjelder som kan dokumentere utviklinga for Loen. I følgje bygdeboka var det som nemnt 6 brukarar i 1520-åra. I 1563 hadde Loen 8 brukarar, og før 1602 var brukstalet kome opp i 14. Når det seinare er snakk om nedgang i brukstalet, kom det av at eigaren busette seg i Loen, og sjølv dreiv bruka i Nigard (tunet nedanfor kyrkja).

På garden Loen har det ut frå dette ikkje vore plass til «nye» bruk etter ca 1600. I tillegg til hovedbruka i Loen var det berre 3-4 bustadar (bygslebruk) før 1900. Dei borna som ikkje fekk overta bygsel, måtte derfor gifte seg til bruk, reise bort og skaffe seg bruk/husmannsplass ein annan stad, eller gå ugifte heile sitt liv.

Eigarar.

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. Sjurebruket vart kjøpt av brukaren i 1767. Nedanfor er det eit kort resyme av eigedomstilhøva for Sjurebruket.

5.2 Personar med tilknytninge til Sjurebruket i Loen.

Kjelde: Eigar-brukarforhold av Audun Loen

I samband med etablering av LOKHIS vart det etablert ei liste over alle kjende personar som gjenom tida hadde hatt tilknytning til Sjurebruket. Lista omfatta eigarar som ikke dreiv bruket sjølv, bygslarar som ikke åtte bruket, og sjøveigarer (frå 1767) som dreiv eige bruk. Som oversikt over desse vert det vist til utskrift frå Lokhis (sjå oppgitt kjelde). Oversikta er utarbeidd på grunnlag av opplysningar i bygdeboka frå 1970, diverse matrikkleutskrifter og opplysningar om tinglyste eigedomsoverdragingar deie siste åre publiesert i lokalavisa.

Når det gjeld familane til bygsarar og sjølveigar på Sjurebruket viser ein til informasjon i HBR. Det er intensjonen at HBR etter kvart skal omfatte alle personar i heile landet så langt tilbake som det ligg føre digitale kjelder og så langt fram som opplysningane i kjeldene er tilgjenelge av personomsyn. Nedanfor er det ei liste over personar med tilknytning til Sjurebruket i Loen (sjå omtale for kjelda til denne lista ovanfor). For personar i denne lista er det lenke til HBR med slektsinfomasjon og lenke til kjeldedata. For samanlikning er det med lenke også til Lokhis for desse persopnane.

Olav A Loen (1903 - 1984) samla opplysingar om alle etterkomarar for personar som vart fødde på Sjurebruket etter 1800. Slektsboka som han var i ferd med å skrive før han døydde hadde denne innleiinga:

"Vi skal no, så langt vi kan, følgje dei som voks fram på Sjurebruket, og fløtte ut til framande stader her i landet og i Amerika. Og sjå kor ei bondeslekt på ein liten vestlandsgard spreier seg vidt ikring og kom med i yrke av mange slag"

Det Olav f.1903 hadde samla om etterslekta vart ikkje publisert i si opprinnelege form. Audun har digitalisert dette materialet og strukturert det med tanke på publisering via nettet. Det er lenke til dette materialet i Loen Bygdebase som w3_start_etterslekt

Frå 1723 til 2020 har Sjurebruket gått frå far til son. Bygdebasen for Sjurebruket har med slektsinformasjon for alle desse brukarane (HBR- sjå lista nedanfor). Fullstendig oversikt over etterkomarane er skaffa berre for dei søskenflokkane som voks opp etter 1800. Etter 1800 har det vokse opp 5 søskenflokkar (generasjonar) på Sjurebruket. Dette omfattar også svært mange personar for dei eldste. I 2021 vart Sjurebruket selt til nabo.

Liste over eigarar/brukarar (bygslarar) på Sjurebruket
Gjeld for alle eigarar, bygslarar og brukarar på bruket.

Jon Lauritsson. Lokhis
Lisbeth Torsteinsdotter. Lokhis
Peder Jørgensen. Lokhis
Sofie Jonsdotter. Lokhis

Rasmus Rasmsusen. Lokhis

Sjur Rasmussen Loen f. 1650. Lokhis

Rasmus Olsen Loen f. 1701. Lokhis
Rasmus Olsen Loen f. 1701. HBR

Ola Rasmussen Loen f. 1724. Lokhis
Ola Rasmussen Loen f. 1724. HBR

Ola Jokumson Flo. Lokhis
Ola Jokumson Flo HBR

Rasmus Olsen Loen f. 1759. Lokhis
Rasmus Olsen Loen f. 1759 HBR

Anders Salvessen Sande f. 1773. Lokhis
Anders Salvessen Sande f. 1773. HBR X)

Ole Rasmussen Loen f. 1783. Lokhis
Ole Rasmussen Loen f. 1783. HBR

Anders Olsen Loen f. 1814. Lokhis
Anders Olsen Loen f. 1814. HBR

Ola Andersen Loen f. 1847. Lokhis
Ole Andersen Loen f. 1847.HBR

Andreas Olsen Loen f. 1880. Lokhis
Andreas Olsen Loen f. 1880. HBR

Marte Eriksdatter Skarstein f. 1878
Marte Eriksdatter Skarstein f. 1878 Test HBR

Ole Bernhard Andreasson Loen f. 1903. Lokhis .
Ole Bernhard Andreasson Loen f. 1903. HBR

Audun Loen f. 1939.

Håkon Loen f. 1949

X) Denne er funnen i foketeljinga for Sæten i 1801 og oppdatert i Lokhis Lokalt. (Loktest på nettet vert ikkje oppdatert lenger)