Bødal
Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane Lodalsulukka 1905
Generelt
| Ytre Nesdak før ulukka i 1905 |
Lodalsulukka 1905 er den største og mest alvorsame ulukke som har hendt i Nordfjord og ei av dei hardaste ulukker som har råma Noreg i seinare tid. Ved denne ulukka vart ikkje mindre enn 62 menneske drepne, og heile garden Ytre-Nesdal og halve Bødalsgardane øydelagde. Ti huslydar vart heilt eller delvis bortrivne, ei mengde krøter av alle slag drepne, mykje jord bortskola og mykje innbu og hustarvende av ymse slag øydelagt i ein augneblink.
| Bødal etter Lodalsulukka 1905 |
|