Nordfjord - Loen sokn - Loen - ArnebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Arnebruket

Gård:Loen
Bruksnr: 1449/70/14
Løpenr 1838:127
Ca. år: 2008, Hausttur til Loen i månadsskiftet september - oktober 2008. Utsikt mot Lotunet frå brua over Loelva Utsnitt som viser kyrkja samt nystova og våningshuset på Arnebruket
Arnebruket er eitt av dei 14 hovedbruka på garden Loen med bruksnr 14 under gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 hadde bruket løpenr 127. Skylda på bruket var 4,06 mark i matrikkelutkastet frå 1968. Arnebruket har i dag desse teigane: Skogsteig vest før Jølmunna, innmarksteig innanfor Apalhola, hovedteigen med dyrka mark på Teigane med gamal driftsbygning og stabbur (våningshuset er frådelt), skogsteig i Hagedalen, skogsteig ovanfor Tjugen, bruket 70/59 Brustad inngår no som ein del av Arnebruket (kjlede: Gardskartet), skogsteig ovanfor bustadsfeltet i Lovik, teig på Lostøylen, og i følgje kartet ein naustteig utanfor Lovik Les meir om Arnebruket under menyvalet "tekst".