Nordfjord - Loen sokn - Loen - LoøyraDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Loøyra

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane Loøyra

Loøyra var opphavleg sameigneplass under Loen, men vart løyst og skyldsett i 1884 og utskift i 1897. Her var i 1700-årstalet eksisplass, der Stryne-kompaniet hadde øvingsstaden sin. I den tid budde det offiserar på Loøyra. Vi høyrer om desse:

Johan Kr. Diche. Han var f. 1675 i Saksen, Tyskland, var 4 år i soldat-teneste som musketer ved Fotgarden i Brabant, flakka så vide omkring som underoffiser; var m. a. i Italia, Ungarn, Pommern, vart så underløytnant ved Sjællandske regiment og i 1718 pr.løytn. ved Strynske komp. Han b. 1725 husegrunn her, 50 X 50 al. for 1/2 rdl. årleg bygsl. K.: Ingeborg de Bloque, d. 1744. Både Diche og frua døde og vart gravlagde i Loen. Tre søner er kjende: 1. Joh. Lyder D., f. i Hollstein i 1715, vart r.løytn. etter faren i 1738 ved Strynske komp. 2. Frants Bloque D., f. i Loen ikring 1722. 3. Hans Peter D., f. i Loen i 1725, vart korporal i 1743, avskil 1749. Ved arvebyte etter mora arva kvar av dei tre sønene 47 rdl.

Løytn. Kristofer Steen budde her frå 1745. D. år sk. på huset til Diche med 2 kakkelomnar, ei borgestove, 2 fjøs og eit lite naust.

Johan Kristofer Kr. Ravn. Han var f. i Lårdal, Telemark, 1699, vart i 1718 korporal i Aurl. komp., der frenden hans, J. G. Meidel, var sjef, i 1738 offiser, i 1749 pr.løytn. ved Strynske komp., kaptein ved same 1762, men ikkje sjef, avskil i 1722, d. og gravlagd i Lokyrkja 87 år g. 1786. K.: 1. Thale Helene Køpke. d. f. 1751. 2. Anne Sofie å Mønnichen, d. og gravlagd i Lokyrkja 85 år g. 1794. Av deira ti born døde mange i ung alder. Av dei som vartvaksne kan nemnast: Gerh. Kr. Ravn, major i 2dre Bergenh. regiment, budde i Tysnes. Peter Andr. R., prest i Haram. Hans Henr.R., kaptein i 2dre Bergenh. regiment, i 3 år sek.løytn. ved Strynekomp. Jens Kr. R., tollbetjent i Hurum. Thale Helene R. var den einaste av borna som var fødd i Loen. Ho var f. 1752, d. 58 år g. 1817. Ho vart g. m. Torgilds Guttormsen Oppheim. Dei budde på Loøyra. Frå henne har Thale-namnet i Nordfjord opphavet sitt. Mange eignalutar som ho arva etter foreldra sine, har vore i ætta hennar på Loøyra til siste tid.

Det lever enno ymse segner om offiserane på Loøyra og om kalasa der i den tid. I eit drikkelag vart det av ein ung løytnant gjort veddemål om høgstnattes å hente Bibelen frå altaret i Lo-kyrkja. Då han kom ut av kyrkja, ville han bykse over kyrkje-gardsgjerdet, som var skigard. Då gjekk det så uheppe til at han fekk ein staur i livet og kom såleis vådeleg av dage. I dette høvet skulle steinkorset frå Korsvika verte flytt og sett på grava til den unge løytnanten.