Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen Krøteravl. Loen-ulukka og krigstid (1936)

Krigsåra

Dei 5 krigsåra var vanskelege å kome igjennom. Det var mykje ein laut unvere i dei åra. Tyskarane rekvirerte kjøt , mjølk og poteter av bøndene. Men ein prøve å gøyme av og berge seg så godt ein kunne. Og det var få eller ingen som verkeleg svalt her ikring. Borna fekk ikkje alt dei ynskte seg, men dei sakna det lite, og treivst med det dei hadde. Dei laga leikane sine sjøle, og sakna ikkje det dei ikkje hadde, og både små og store kom seg vel gjennom dei vanskelege åra. Ingen av Sjurebruket var med i krigshandlingane i 1940. Det var maten ein hadde mest strev med, og ein utvida åkerlandet mykje, og desse åra dyrka ein ikkje så reint lite kveite, og fekk gode avlingar. Ein sende kveita til Gloppen Mølle og fekk det male og sikta til fint kveitemjøl. Det hadde ikkje så god bakeevne som det kveitemjølet som ein kjøpte før krigen, men ein fekk då både småkaker og kveitekringler både til jul og andre høgtider. Havre sende ein og til Gloppen mølle og fekk laga havregryn. Det vart omlag dagleg kost, serleg til suppe, men ein hadde og havregrynsgraut og bygg-graut skiftevis. Då krigen var slutt var ein så lei av denne havregrynsupana, så det vart slutt på det for ei tid.

Ungdomslaget hadde alltid samla både unge og eldre i Loen, men no måtte ein leggje ned laget då nasistane overtok Noregs ungdomslag. Men aldri har bygdefolket samla seg meir mannjamt enn dei gjorde til dei bygdekveldane som vart haldne i ungdomshuset i krigsåra. Og til 17.mai samlast dei på Leikarvollen opp i Hagedalen. Det låg avgøymt med høge graner ikring, så dei kjende seg fri for å få ubedne gjester.

Der var det god nasjonal ånd både mellom unge og eldre. Der var leikar og kaffikoking. Det var så gildt å vere der, så ein trudde at der kom ein til å vere også etter krigen. Men då ein kunne halde til kvar ein ville., vart Leikarvollen gløymd. Det var nye ting som både unge og eldre no vart opptekne av.