Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 14. Fleire arbeid og feriereise til Nordkapp (1953)

Tur til Nordkapp 1953

Aslaug og Olav hadde ikkje hatt høve å ta nokor brudlaupsreis då dei gifte seg. Og heller ikkje sidan hadde dei teke seg tid til nokon lang ferie saman. Men det var noko som dei ofte tala om og hadde stor lyst til, å reise til nye stader og sjå seg om. I 1953 var borna så store at dei kunne sjå etter det som var heime, og det året hadde Noregs Ungdomslag årsmøtet sitt i Tromsø. Olav var vald til utsending frå Firda Ungdomslag. I dette høve hadde Noregs Ung domslag leigt Brand 4 til stemnebåt, og han skulle etter stemna gå heilt til Norkapp. Aslaug og Olav tykte at eit så godt høve var vanskeleg å få igjen og dette laut dei gje seg med på, og dei melde seg på til turen.

Dei gjekk ombord i Brand 4 i Ålesund den 22. juni. Dei var ein tur innom i Trondheim og såg vårt store nasjonale byggverk: Nidaros Domkyrkje. Det er eit byggverk som har følgt historia vår i oppgang og i fall,.og det var med age ein steig inn under desse høge kvelvingane. Store kunstnarar har arbeidt på dette byggverket både i gamal og ny tid. For oss er det interessant å vita at bilæthoggar Anders Svor frå Hornindal også har vore med og arbeidt på dei skulpturane vi ser her.

I strålande fint ver med midnattsol for dei langs Nordlandskysten. Det er historiske og kjende stader å fare fram om på heile leia. På skjer og holmar var det folk som hadde kveikt røykbål som sende blå røyk opp i den fine sommarnatta som var sjølve jonsokkkvelden. På Brand 4 tende dei og eit røykbål som dei slepte etter seg. Der var og ein del svenskar og danskar med på denne turen, og her vart det reist Maistang og leika folkeviser på dekk.

Ein stogga på fleire stader nord over. I Leknes i Lofoten gjekk ein i land og hadde møte med ungdomslagsflokken der. Her møtte dei Ragnvald Muri frå Olden, han var søskenbarn til Olav, og han bad dei opp i heimen sin medan ein stogga i Leknes. Han var styrar for statsrealskulen der. På Sortland møtte dei Borgny Tjugen og ein av gutane, Olav. Borgny var gift med Ole K. Tjugen som var lærar der, og dreiv gartneri ved sida av. Han var tremenning til Olav.

Medan dei var på stemna i Tromsø var dei gjester med eit søskenbarn som Olav hadde der, Håkon Skarstein og kona hans, Johanne. Dei hadde ein fin heim der, og der som han var lærar var det ei svert fin natur om sommaren. I nærheita av han budde nokre samar som hadde reinen på sommarbeite, og dei fekk sjå inn i ei av dei spartanske gammane dei hadde til sommarbruk. Her var dei i 3 dagar med det finaste ver ein kunne ynskja seg, og med ei gild stemne på stemnestaden attmed den nye lærarskulen i Tromsø. Og sola skein og det var leik og underhald på mange stader heile natta til ende. Her var det ikkje råd å tenkje på å sova med ein opplevde alt dette. Her trefte dei og redaktør Rasmus Eide og Sigrid, kona hans, dei var begge frå Olden, og dei hadde ein fin og gjestfri heim i byen. Olav fekk og helse på forfattaren Lars Berg som las prolog på stemna. Det var så gilde dagar så det var vanskeleg å rive seg laus og fare vidare.

No gjekk turen til Nordkapp. Men då dei kom sunnan frå med Brand 4 kom skodda nordanfrå Nordishavet, og dei møttest nå Nordkapn. Det tok bort alt utsynet, og skodda var så tjukk at dei måtte passe vel på å gå etter det reipet som var nedlagt over platået fram til den vesle hytta der ein kunne få kjøpe kort og få stempla som synte at ein hadde vore til det nørste postkontoret i landet. Dette var før det var komen veg frå Honningsvåg og opp på toppen. Dei gjekk glipp av å sjå midnattsola sveve over Nordishavet og leggje gylte stråler over polarnatta. Men midnattsol over land og hav, det såg dei mange gonger på denne turen. Det var ei oppleving å sjå den rike floraen med den store rikdomen i fargar som dei såg på vegen opp til platået. Det var så djupe og sterke fargar, det var interessant, å sjå her på den nordlegaste pynten på vårt havomkransa land.

Bilde av Aslaug og Olav

Landet vårt er fagert, og heile turen var ei oppleving for dei to bondefolka frå Loen. Då dei kom heim igjen hadde borna dreve jordbruk for alvor, dei hadde teke sin tørning alle, både ho Marta og ho Gjertrud og han Audun. Og ho Marta som var elst hadde hatt kommandoen. Ho hadde sett på og fått nedslegen all maskinslåtten og fått det i hus. Ho var berre 20 år, og ho var nervøs for veret. Men alt gjekk godt, og han Olav og ho Aslaug kunne berre glede seg over at alt høyet var kome i hus.

Marta hadde gått landsgymnaset på Sandane og hadde teke eksamen året før og hadde prøvt seg som lærar i Eivindvik ei stund. Gjertrud var det året ferdig med realskulen på Sandane, og han Audun las for presten det året. Han var alt frå han vart vaksen interessert i arbeidet på garden, og etter å ha teke realskule-eksamen i Stryn, gjekk han Langvin jordbrukskule.