Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 16. Den yngste slketleden

I 1968 døde Marthe Eriksdotter. Ho var då nær 90 år gamal. Ho hadde hatt ein lang arbeidsdag på Sjurebruket. Alt frå borna var små sat ho i uskifta bu, og styrde og hadde ansvaret for garden. Alt heldt ho i godt stell både inne og ute. På sine gamle dagar gledde ho seg når ho fekk born, borneborn og oldeborn ikring seg. Dei tre borna, hadde no kvar sitt å stelle med. Olav dreiv slektsgarden saman med kona. Ho Olina var husmor i Markus, og styrde med garden etter at mannen døde. Karen var den yngste av søskena. Ho hadde gått eit kurs på Nordfjord ungsomskule på Vereide, og mykje av si tid har ho arbeidt på hotel Alexandra. Ho arbeidde og nokre år på "Heimen" i Stryn. Då Richards kro vart bygt vart ho styrar av den i mange år. Den var for det meste stengd om vinteren, og då budde ho heime i Sjur. Såleis var ho heime og stelte med mor si den siste vinteren ho livde. Då ho nådde pensjonsalderen slutta ho på kroa, og har sidan arbeidt ein del på hotel Alexandra, og har butt i Sjur.

No hadde det vakse opp ein ny ættled på Sjurebruket. Ho Marta var den elste. Då ho var ferdig med folkeskulen tok ho til på Firda landsgymnas og tok eksamen der. Ho for så til Hamar og tok eksamen på Hamar lærarskule. Nokre år var ho lærar på folkeskulen i Indre Arna og for så til Oslo og vart lærar på Kjelsås. Der har ho vore sidan, men ho har teke seg fri eit år og gått lærarskulen i husstell på Stabekk, og eitt år og gått på spesiallærarskulen. Ho er gift med Peder Havnvik, fødd 1930 på Hitra. Han er ingeniør og har arbeid i eit konsulentfirrnaog dei bor i Oslo.

Gjertrud tok realskuleeksamen på Firda gymnas og gjekk eit år yrkesskulen på Jølster. Ho tenkte ei tid på å verte handarbeidslærar. Men så søkte ho seg inn på telefonen og fekk arbeid på telefonstasjonen på Tingvoll. Ho var og ei kort tid på telefonen i Bergen, men fløtte attende til Tingvoll. Ho er gift med Gunnar Bråttvik (1963), han er fødd 1934 på Tingvoll. Dei har fått tomt på farsgården hans, der dei bygde hus. Han har også overteke ein gardpart som høyrde morsslekta hans til, til den høyrer det og ein god del skog. Gunnar har både jordbruksskule og handelsskule, og arbeider på trygdekontoret på Tingvoll. Dei har to born: Aud og Anders.

Audun har etter han vart ferdig på landbrukshøgskulen, teke eit kurs i pedagogik på landbrukslærarskulen på Sem. Han fekk først arbeid på Landbruksøkonomisk Institutt i Oslo, og var sidan eit år lærar på vinterlandbrukskulen i Dalane. Den var ambulerande og det året i Egersund. Aret etter fekk han arbeid på jordbruksavdelinga på Statistisk sentralbyrå. Og sidan har han vore der. Han er gift med Marit Haug, fødd i Oslo 21.5.1945. Ho er dotter til målarmeistar Oskar Haug og Martha fødd Engelstad frå Toten. Dei har heim på Bekkelagshøgda. Marit og Audun har to born. Olav og Marte. Audun fekk skøyte på Sjurebruket og overtok det frå 1. januar 1973, men dei bor i Oslo.

På garden vart det no satsa meir på jordbær og gulrøter. Ein lærde betre å stelle dei etter kvart, og ein tok til med sprøyting mot ugras og skadedyr, og fekk med det mindre arbeid og større avlingar. Med gulrøter hadde ein og kome fram til ein metode for å gjere arbeidet lettare. Ein tok ved å varme det sterkt opp spireevna frå 2/3 av frøet og sådde det med vanleg såstav. Då fekk ein høveleg avstand mellom plantane og slapp å tynne. Og så sprøytte ein etter såing mot ugras. Dette gjorde arbeidet mykje lettare og meir lønsamt, for tynning og reinsking var svert arbeidskrevjande.

Med jordbærdyrkinga var det noko hektisk når ein skulle hauste bæra. Dei måtte plukkast etter kvart som dei vart modne, og dei måtte helst vendast same dagen dei var plukka. Bæra vart for det meste selde i dei nærmaste bygdene, men ein del måtte ein og sende til Ålesund.

No etter at borna hadde fått eit yrke hadde dei ikkje så lang ferie og dei hadde sin eigen heim å ta omsyn til. Men ho Aslaug rådførde seg med dei kvar vår når ferien skulle planleggjast. Og dei prøve best mogeleg å få ferien på den tid då bæra skulle haustast, og helst ikkje ta ferien alle i ein gong. Dette var ikkje alltid så godt å laga på, då veret gjorde at bæra ikkje vart modne på same tid kvart år, og det kunne ein ikkje vita då ein planla ferien. Ein laut difor somme år leige fleire plukkarar enn andre år. Det var helst unge gutar ein fekk til dette arbeidet. Og dei lærde fort både å plukke snøgt og gjere vel arbeid. Det var akordarbeid, og dei måtte sortere bæra i to avdelingar.Etter at Karen slutta på kroa har og ho vore med i arbeidet. Denne auka dyrkinga av bær og grønsaker gjorde at ein fekk større inntekter, og med det betre betaling for arbeidet på garden.

Då han var yngre hadde Olav tenkt at når han vart 60 år, då var borna vaksne, og då skulle han få meir tid å skrive som han alltid hadde hatt hug å sysle med. Men han hadde aldri vore meir oppteken med garden og mangt anna enn då borna vart vaksne og fekk sitt eige arbeid. Men skriveklåen heldt seg, og interessa for soge og kulturminne auka med åra. Og då han saman med Leif Arnold Loen var beden om å vere med å skrive 50 års soga til Firda ungdomslag, så sa han ja til det. Boka kom i 1947, trykt i Stryn trykkeri, og ho var 255 sider. Ho fekk denne tittelen: "Firda Ungdomslag gjennom 50 år. Festskrift. 1896-1946".

No fekk han hug å få realisert ein tanke som han hadde bore fram for Firda ungdomslag. Og i 1951 kom første årgangen av "Årbok for Nordfjord". Han var skriftstyrar saman med ei nemnd, og Firda ungdomslag og Nordfjord sogelag var utgjevarar. Første boka hadde undertittelen: "Eit skrift for folke- og kulturminne, arbeidsliv og ungdomslagsarbeid". Seinare har dei to siste oppgavene vorte borte og no heiter det: "Eit skrift for folke- og kulturminner. Den siste tida har boka kome anna kvart år og til no er det komne 13 årgangar. Det er mykje godt kulturstoff og folkeminne som har kome med i desse bøkene frå heile Nordfjord. Dette var eit lærerikt og interessant arbeid. Olav tenkte og på at det hadde vore gildt om han fekk tid til å skrive ned det han visste om si eiga slekt, og det han kunne finne om dei i fortal og bøker. Også dei unge har større hug til å vite noko om slekta si no enn før.

Til eldre ein vert til meir ser ein attover til alt som har hendt og ein sjøl har opplevt. Og då er det mangt som er gildt å minnast. Han Olav hadde møtt mange som han hugsa, og som det var ein hugnad å verte kjend med. Han hadde og tykt at det var godt å få kome ut og møte nye folk, og få nye utsyn og tankar og meiningar.

Men det var alltid gildt å kome heim, der kjende ein at ein høyrde til. og når helga kom etter ei strevsam veke, som det ofte var både i onnene og elles, då var det godt både å få kvile, og å gå ut og møte grannar og kjenntfolk, og få røde om vind og ver og leggje kvardagen frå seg. Eller han og ho Aslaug tok borna med seg på ein fjelltur i helga. Ein yngdest opp av den friske fjellufta, og ein fekk hus i det vesle selet på Høgesetra. Der gjekk det an å overnatte når ein brukte heile golvet til sengeplass. Dagen etter tok ein ein tur til Varden, eller ein leita seg fram til lyngtuene og plukka blåbær. Det var alltid hugnadsamt å gå i fjellet, og borna gledde seg til kvar tur. Ein tok og turen til Tjugensetra, og der fekk ein leige den fine hytta til Anders Tjugen, og her hadde ein det same fine utsynet som diktaren, Kristoffer Randers, hadde då han kom over her frå Fosnes i Oppstryn ein fin sonimardag i 1885. Her stogga han opp og turka sveitten og såg det fagre utsynet som opna seg for han med den vesle bygda ned under og fjorden utanfor. Her var det diktarånda kom over han og han skreiv dette diktet:

Blåklokker, bræer og birkeduft.
Fred over hav, over land og luft,
dirrende dis over ås og vang.
sådan jeg så dig den første gang.

Dagen var solhed og veien sur
henover fonner og ulendt ur.
Aftenen senket sig blød og sval
just som du opnet din trylledal.

Perle blandt alt, hvad jeg skjønt har set,
yndefuldt smilende uskyldsplet,
trangt mellom isarme indelukt
ligger du gemt i den stille bugt.

(Kristoffer Randes: Norsk Natur 1887)

Dei tok og turen til Bødalsæter på bærsanking. Det er minne som strøymer og strøymer på, som Vinje seier. Ja, heile garden er som eit perleband full av minne frå slekt til slekt.

No om somrane kjem dei med bilane sine, ofte står det fleire bilar på tunet, for i vår tid har alle sine eigne bilar. Og no har dei med seg borna sine, det er ein ny generasjon som skal vekse opp. Og no som før er her så mykje å sjå og gle seg over for dei som er born. Det aller likaste var å få rida så lenge dei hadde hest på garden. Men no er det så mykje som forandrar seg både på garden og i bygda. No skal dei kanskje gå i gang med stor kraftutbyggjing. "Jotunheimen Breheimen" heiter det. Ingen veit korleis det vil bli når det er ferdig. Men truleg vil gardane, nokon av dei, overleve med grøne vollar og husdyr som står inne om vinteren, men slepp ut på beite og opp i fjellet når våren vekkjer alt til nytt liv. Og der vil vere born som eignar til seg lam og kalv, og har heile garden til sin leikeplass.

Slektsoversikt, side 1
Slektsoversikt, side 2
Slektsoversikt etter 1800