Nordfjord - Loen sokn - Loen - SjurebruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Sjurebruket

Bygdeskildring. Sjurebruket i Loen

Sjurebruket har i dag (1999) bruksnr 6 under gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 hadde bruket løpenr 121. Skylda på bruket var 4,42 mark då ordninga med skylddeling slutta i 1980.

Bruket har i dag desse teigane: Skogsteig i Stranda (mot nordvest), Innmarksteigar i Lotunet, skogsteig i Hagedalen, innmarksteig bak Brennhaugen (mot sør), skogsteig på sørsida opp frå innmarksteigen bak Brennhaugen og skogsteig ved Lo-støylen. Ein liten naustteig innafor dampskipskeia er så liten at den ikkje synes på kart i liten målestokk.

Olav A Loen har skrive ei heil bok om Sjurebruket i Loen (undertittel: Garden og ætta). Denne boka er lagt inn som eige dokument som kan hentast frå menyen under tekst-dokument. Det er derfor ikkje teke med detaljerte opplysingar i denne oversikta.

På grunn av jordksifta i Loen kan ein ikkje knytte dei same areala til bruket bakover i historia. I neste versjon av informsjonssystemet vil det truleg kome med kart som viser teigane til bruket etter kvart av desse jordskifta. Sjurebruket har i dag ca 50 dekar jordbruksareal og vel 200 dekar produktivt skogareal.

Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Sjurebruket har såleis namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. Sjur kom inn på bruket ved at han gifte seg med Kari Amundsdotter frå Hogrenning. Ho var enke etter den førre brukaren på Sjurebruket. Kari og Sjur hadde ikkje born som kunne overta bruket, men slekta til Kari vart ført vidare gjennom brordottera hennar, Sigrid Håvardsdotter Strand. Ho gifte seg med Rasmus Olsen, og desse fekk bygsel på bruket etter Sjur og Kari i 1723. Vi trur at Rasmus Olsen var brorson til Sjur, men dette har vi enno ikkje funne sikre prov for. Frå Rasmus og Sigrid har bruket gått i slekta frå far til son fram til i dag (sjå meir om slekta i eige dokument - kan slå opp i menyen til venstre).

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. Sjurebruket vart kjøpt av brukaren i 1767. Nedanfor er det eit kort resyme av eigedomstilhøva for Sjurebruket.

  • Sjurebruket var ein del av den opprinnelege hovudparten (ikkje prestebolsparten).
  • I 1615 vart hovuparten kjøpt av Jon Lauritzen frå Beate Huitfeldt.
  • Enkja etter Jon Lauritzen, Lisbeth Torsteinsdotter, arva Loen. Ho gifte seg med futen i Nordfjord, Peder Jørgensen.
  • Fut Peder Jørgensen og borna til Jon Lauritzen arva Loen etter Lisbeth Torsteinsdotter. Han budde i Loen og dreiv mange av bruka frå ca 1630.
  • Sofie Jonsdotter, gift med fut Jørgen Post, vart eigar (ca 1660) av den delen som Sjurebruket seinare vart utskilt frå saman med 7 av dei andre bruka.
  • Buet etter futen Jørgen Post var falittbu og eigedomsretten gjekk over til Kruna. Dette var situasjonen i 1723 då Rasmus Olsen fekk bygselsetel på Sjurebruket.
  • I 1728 kjøpt Peder Finde det som Kruna hadde overteke frå falittbuet etter Jørgen Post.
  • Henrik Pedersen Finde.
  • 1767. Dei 8 brukarane løyste inn bruka sine frå Henrik Pedersen Finde.