Knutebruket
Lodalen 1900 - 1940 Bruk 77/2 Knutebruket.
Knutebruket hadde stovehuset sitt i nederste rekka av stovehus i det gamle tunet før ulukka i 1905. Huset vart då teke av båra.
Det nye tunet på Knutebruket vart bygt bakanfor og litt austanfor det gamle tunet. Stovehuset hadde eit arkoppbygg som vede mot Lovatnet. I LOKHI er det bilete som viser plasseringa av tunet. Det er også sett av merke på Økonomisk kartverk som tilnærma viser kvar det nye tunet låg. (Sjå LOKHIS). Dei nye husa vart tekne av båra i ulukka i 1936.
Knutebruket er det einaste som er bygt opp igjen i Bødal etter ulukka. Husa er no plassert mykje lenger oppe, og ligg på ovanforsida av vegen til Kjenndalen.
Til Knutebruket i Bødal høyrde også ein plass i Nesdal, som seinare fekk bruksnr 4 i Nesdal Indre med bruksnamnet Fredsvoll. (Sjå omtale for dette bruket under Nesdal Indre).
Knutebruket i Bødal har følgt slekta i heile perioden som er dekka med kyrkjebøker. Namnet på brukaren har skifta mellom Knut og Anders. For eit par av desse brukarane står det i Bygdeboka at dei var uvanleg sterke. Anders Knutsen f. Ca 1749 var livgardist i København, og det går mange segner om han. Han vart kalla store Knut-Anders.
Før ulukka i 1905 var det Anders Knutsen f. 1871 som var brukar. Faren hans var død tidlegare men mora hans, Elisabet Andersdatter Skarstein levde. Det var også ei av søstrene til Anders, Anne Knutsdtr. (f. 1880) som budde på bruket. Anders var gift med Christiane Jørgensdatter Nesdal og dei hadde 6 barn: Eline Kristine (f.1894), Anna Jenny (f. 1896), Klara Lovise (f. 1898), Knut (f. 1900), Jenny (f. 1902) og Alfhild Bergliot (f. 1904).
Heile familien som budde på bruket omkom i ulukka. I tillegg omkom Mons Olai Jakobsen som var tenar på bruket, slik at det i alt var 11 personar miste livet.
På dette bruket som på dei fleste andre var det nokon i slekts som overtok og førde arven vidare. På dette bruket var det Anna Andersdatter frå Bruk nr 4 Fredsvoll i Nesdal som hadde odelsretten og som overtok. Mor hennar (Sigrid Knutsdatter Bødal) var søster til brukaren på bruk nr 2 som omkom. Alle i Fredsvaoll omkom også i ulukka med Anna tente på Anbjørnbruket i Indre Nesdal og overlevde. Ho overlevde fordi ho tente på Anbjørnbruket (bruk nr 78/3).
Anna Andersdtr. gifte seg med Bent Davidsen Skarstein. Dei fekk 4 born, Signe, Synnøve, Aslaug og Anders. Anna døde knapt 30 år gamal i 1917, og David gifte seg med Rakel Sivertsdatter Sande. Dette var også den same slekta fordi mor til Rakel kom frå Knutebruket i Bødal. Ho heitte Marthe Andrine Knutsdatter, og var gift med Sivert Arnesen på bruk nr 3 på Sande. Rakel og Bent fekk 5 born: Solfrid, Dagfinn, Olav, Målfrid og Anna.
Ved ulukka i 1936 vart dette bruket på nytt ramma sterkt. Bent, Rakel og 5 born omkom. I tillegg omkom ein tenestegut. Borna som omkom var Synnøve frå første ekteskapet, Dagfinn, Solfrid, Olav og Målfrid.
Eter ulukka i 1936 overtok først den eldste dottera Signe Bentsdtr. Ho var gift med Bernhard Auflem og flytte til bruk nr 2 på Auflem. Då var det Knut Sivertsen Sande som overtok bruket, og bygde det opp på nytt. Han var bror til Rakel, og dermed den same slekta. Dette bruket som kanskje var det som var sterkast råka av alle gjennom dei to ulukkene vart det einaste som vart bygt opp på nytt med fast busetnad fram til i dag (2002).
|