Nordfjord - Loen sokn - Sæten - OppigardsbruketDetalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Oppigardsbruket

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 8. Dei førse levan de lysbilæte og den første fonografen i Loen (1900)

Kristian Sæten, frå Oppigard-bruket på Sæten, kom i 1900 ein tur heim frå Amerika. Der hadde han vore i nokre år, og arbeidt med ymse ting, m.a. med fotografering og framkalling saman med broren Ingebregt J. Sethen. Då han kom heim til Loen hadde han med seg eit filmapparat, og synte fram levande lysbilæte. Dette er den aller første filmframsyning i Loen, og det var svert populert då han synte det fram.

Han hadde fleire framsyningar, og serleg ungdomen møtte fram alle som kunne. Både Andreas på Sjurebruket, og Marte Skarstein, som det året tente der, var med den andre ungdomen opp til Oppigardstova der han Kristian hadde framsyning. Ein annan gong hadde han framsyning på hotel Alexandra.

Det var små filmstykke han hadde, eit av dei var ungdom som bada på ei fin sandstrand, og hoppa og stupte frå eit stupebrett, og det var andre slike små glimt av folk som levde og rørde seg. Mange hadde fotografert seg, men ingen hadde før sett at personane fekk liv og-rørde seg som verkeleg levande folk, på den kvite duken.

Kor utstyret var er det ikkje fortalt om. Men truleg var det parafinlampe han hadde, og han hadde vel sveiv og snudde med hand når han hadde framsyning. Etter å ha vore heime eit år for han Kristian til Amerika igjen.

I 1904 kom han heim på nytt. No var han gift med Else Larsdotter frå Trulsbruket i Loen, og dei kom no heim for å ta over dette bruket. Då og hadde han med seg ymse ting som ingen hadde sett i Loen før. Såleis hadde han med seg ein fonograf, der det var innspela musikk og song. Ein kunne og ta lyden bort og spele inn på nye ting, tale eller song og musikk. Det var voksrullar som lyden vart spela inn på, og som gav lyden igjen når ein sette fonografen i gang.

Dei sveiva fonografen opp som ein vanleg gramafon med ei sveiv, og rullen var slik at ein kunne sette den inn på eit stativ som snudde rullen rundt når ein spela, og det var ein diamant stift som var fest på ei arm ein kunne svinga til og frå som ein sette ned på rullen og som fekk lyden fram. Det var ein stor vifteforma tut som lyden kom gjennom, likna dei vi har sett på gamle gramafonar. Dette var nytt, og det var før gramafonane kom. Serleg borna var svert interesserte for å få høyre på dette nye musikkinstrumentet.

Han hadde og med seg ein sykkel frå Amerika, truleg var og det den første sykkelen som kom til Loen. I Stryn hadde det vore ein velosiped, med eit stort og eit lite hjul, og der kan kanskje ha vore syklar. Denne sykkelen var som syklane er no omlag, men hjula var ikkje fri, slik at trødene måtte følgje med heile tida. Det var ikkje så greidt i bratte bakkar. Alle som var born i mange år fram over der i krinsen lærde seg å sykle på denne sykkelen.