Hogrenning
Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 1. Slekta før 1800.
Ola Rsmusson (1724 - 1768)
Den nye husbonden på Sjurebruket heitte Ola Rsmusson (1724 - 1768), og han var gift med Sigrid Rsmusdotter Loen (1718 - 1775). Ho var frå Monsbruket i Loen. Det var Ola som fekk hugnaden av å verte den første sjølveigaren på bruket. Han løyste inn bruket frå H.P.Finde for 90 rdl. og fekk skøyte i 1767. Han døydde alt året etter og enkja gifte seg med Ola Jokumson Flo. Han fløtte opp att til Flo då kona var død og sonen til første mannen hennar, Rasmus Olsson, tok over garden.
|