Nordfjord - Loen sokn - HaugenBilde - Kart - Tekst

Haugen

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 72 Haugen

Namn og opphav

Haugen er ein nyare gard, nemnd første gong under namnet «Eighou» i tiendemanntalet 1606. Anders Eighou legg då 6 mk. sm. i butiende, men svarar ikkje leiglendingsskatt førn ikring 1620. Han var rudbolsmann til garden.

Segna seier at Haugen opphavleg var buhage til Tjugen, men vart rudd av ein mann som skulle vere av skotsk ætt og budde i ei hol eik før han fekk opp hus. Difor fekk garden namnet «Eighou». Han skulle og kome i mykje strid både med fut og skrivar, og valda at dei begge vart avsette. Om det er noko i denne segna, er vandt å seie. Striden galdt eigedomsretten til garden. Odelssøksmålet hans vart avvist, men så gjorde han påstand om ruddbolsrett til garden, og i det gav retten han medhald, seier segna.

Garden er sjølvsagt oppteken frå Tjugen. Dei to namna Karl og Sander (= Aleksander), som ein finn på Tjugen ikring 1600, er skotske namn og kan tyde på at det er roko i segna.

Landskylda var i 1626 21/I pd.; garden var då ring til avl. I 1654 vart skylda avteken pd., men i 1673 p pålagt 6 mk. att. I 1723 ville matrikkelnemnda ta av 12 mk. att av di garden hadde lide stor skade i 1718, men skylda vart ståande med 2 pd. til 19. århundre.

Garden var Munkelivgods likeins som hovudbolet Tjugen, men vart kjøpt i 1660-åra av futen Jørgen Post. Garden kom sidan under kruna, og i 1728 under P. H. Finde. I 1819 løyste brukaren garden for 310 spd. frå Cl. Finde sin arving N. Leganger.

Garden har alle tider vore berre eitt bruk, og den same ætta har vore på garden ikring 300 år.