Sande
Bygdeskildring. Garden Sande
| Garden Sande. Oversikt med flybilde_kart. Kjelde: Finn.no |
Garden Sande ligg på nordsida og nederste enden av Lovatnet. Garden har skogsteig på sørsida av vatenet. Mot nordvest grensar garden mot Haugen/Tjugen. I Aust på begge sider av vatnet grensar garden mot Sæten (Breng), og i vest på sørsida av vatnet grensar garden mot Sæten.
Sande var eitt bruk til 1750 (nr 3). Det vart då delt i to jamstore bruk (1 og 3). I 1885 og 1886 vart det skilt ut 2 småbruk, Osneset (nr 2) og Åsen (nr 4). Det var to bygselplassar på Vassenden som i 1902 og 1915 vart skilt ut som eigne bruk (nr 6 og 7).
I dag er det to campingplassar på garden med hytter til utleige. Begge har eiga heimaside (sjå linkar )
Sande har i dag gardsnr 73 i Stryn kommune. I matrikkeln frå 1838 fekk garden matrikklenr 42 i Olden skipreide og hadde då 45 som gammalt matrikkelnr.
| Kartoversikt over Garden Sande med markslag og avgrensning mot nabogardar med eigedomsgrenser |
|