Nordfjord - Loen sokn - HelsetBilde - Kart - Tekst

Helset

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 74 Helset

Namn og opphav

Namnet av hellir, hiller, og setr, bustad, gard. Namnet skulle då tyde: garden under berghellene, og det er særs høveleg. Namnet er i 14. århundre skrive "i Hellissetre" (dat.), i 15. århundre Hellesetter, Hællisæter, i 17. århundre Heldesetter, Jeldesetter(!).

Av Bj. K. ser vi at 21/2 laup i Hellisetre låg til prestebolet i Loda, og dipl. av 1340 melder at der da var 4 m.m.b. og to tveitars leige avfall i Hellisettre. Av dipl. dags. 1.7. 1401 ser vi at Ellend på Setin m. a. gods også åtte gods i Hellesetter. Truleg var det same godset som Ulvhild Jonsd. åtte i 1469. (Dipl. Norv. XIII s. 44 og 102.)

Då vi så ikkje høyrer noko om Helset før i 1603, må vel garden ha lege øyde ei lang tid.