Nordfjord - Loen sokn - HelsetBilde - Kart - Tekst

Helset

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 74 Helset

Landskylda og skade

Landskylda var i 1626 og sidan 1 l., men vart i 1673 avteke 1/2 pd. Matrikkelnemnda fann i 1723 at Helset låg farleg til for fonn, men skylda let dei stå ubrigda. I 1756-58, etter den store skaden, vart det avteke helvta av skylda.

Garden var bondegods og var eitt bruk til ikring 1608. Vart då delt i to bruk mellom to brør, det eine = 2/3, det andre 1/3 av garden. Dei gjekk i 1650-åra saman att, og garden var då eitt bruk til 1810, då han vart kløyvt att i to like bruk, som i 1890-åra gjekk saman att.

Ætta som sit på garden kan ein fylgje attende til 1602. Ti brukarar har hatt namnet Rasmus.

Garden ligg uvanleg farleg til under Helsetnibba, ei høg fjellnibbe på nordsida av Lodalsvatnet, der skred jamleg går. Største ulukka hende i 1755, den 5. februar, då garden vart øydelagd. Tolv hus med innbu vart bortsopt. 11 menneske og 30 krøter vart ihelslegne. Mannen var på fiske ut med havet. Han kom heim fem dagar etter, og gjekk såleis fri. Der husa stod då, kallar dei no Tuftene. Garden vart oppattbygd ute i Neset vestafor. Sidan flytte dei husa inn att på Tuftene. Nystova som no står, har vore flytt to gonger. Skaden vart granska 18.5. 1756 og 15.9. 1758, og skylda vart nedsett til helvta mot før.

Semje 1854 mellom Helset og grannegardane om fébeite. Etter kong. res. av 19.8. 1884 fekk garden eit avtak i skylda på 16 skill., rev. 14 skill. for all tid.