Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Lodalen 1900 - 1940 Om garden Bødal, gnr 77

Bødalen går frå vatnet mot aust. Sjølve Lovatnent har retning mot søraust. Når det seinare i omtalen er vist til himmelretningar kan det være nyttig å ha dette i minne.

I 1905 var det 7 bruk i Bødal medrekna Raudiparten. Garden var ikkje utskifta før ulukka, og 5 av bruka hadde husa si i eit klyngetun heilt nede ved vatnet (sjå jordskiftekart fra 1905). I eit stykke i Fjordabladet 25.1.05 skrive av dr Brodtkorp stod følgjande om tunet i Bødal

"Bebyggelsen i Bødal er ekte Nordfjordsk. Hver mand havde en hel del smaa huse, altsammen i en klump med trange smug imellom. . Nederst stod en række med nøst, 8 i tallet, saa kom Elling Samuelsens og Anders Knudsens huse i en række, så Knut Kolbeinsens og Wilhelms huse og øverst Elling Kolbeinsens og Samuel Lassesens huse. Der ovenfor to lader og nogle fjøs, det er de siste som står igjen".

Professor Sivert Nesdal skildra tunet på følgjande måte:

"Opptil 1900-tallet var Bødal en myldrende landsby. Husene på 5 bruk lå i en klynge, hulter til bulter - et rundaktig tun, nesten som en myretue. Det 6. bruk lå et par hundre meter lenger syd, kloss mot fjellfoten...... Tross de smale, krokete streder var der en viss orden i landsby-anlegget. Nogen mer eller mindre solide brygger stakk ut i vannet. Derefter fulgte en rad av båtnaust. Lenger oppe stod i malerisk uorden beboelseshuse, stabbure og nysstuer om hverandre. Lengst oppe, nærmest utmarken kom tyngden av lader og fjøser, helst sommerfjøser for sauer og geiter"

Det var Gjerstunbruket som låg eit par hundre meter lenger syd. Husa på Raudiparten låg heller ikkje i klyngetunet. Dei låg lenger mot opp mot nord. Gjerstunbruket og Raudibruket gjekk fri for ulukka i 1905. Båra tok alle bustadhusa i klyngetunet. Det var berre nokre av dei øvste fjøsbygningane som vart ståande. Det var 24 menneskje i Bødal som omkom ulukkesnatta og 3 dei neste dagane.

Bødal vart utskifta i 1905 etter ulukka. Jordskiftekartet viser kvar det gamle tunet var, men ikkje dei einskilde husa som då var borte. Dei nye husa var ikkje bygde då kartet vart laga slik at det heller ikkje viser dei nye tuna. Dei nye tuna vart etter kvart bygde opp på nytt ovanfor det gamle tunet. I boka til Sigurd Nesdal er der kartskisser (side 90 og side 128) der plasseringa av bruka før ulukke i 1936 er avmerke. Ved å kombinere dette med Økonomisk kartverk frå ca 2000 med gnr/bnr kan ein identifisere tunteigen for kvart bruk, men ikkje kvar på teigen husa var plassert (sjå omtalen for kvart bruk).

Alle tuna i Bødal låg sør for Bødalselva og innover mot Nesodden. I 1936 var der 9 bruk. I tillegg til dei 6 hovudbruka og Raudiparten var det skilt ut to småbruk Det var Myrhaug, bruk nr 8, utskilt frå nr 6 i 1914 og Solvang, bruk nr 9, utskilt frå nr 1 i 1916. Nærast elva frå vatnet og austover (ikkje bein line) låg bruk nr 7 Raudi, bruk nr 3 Samulebruket, bruk nr 1 Kolbeinbruket og bruk nr 9 Solvang. Deretter mot sør (heller ikkje dette bein line), bruk nr 5 Eirikbruket, bruk nr 2 Knutebruket, bruk nr 4 Gjerstun, bruk nr 6 Lassebruket og bruk nr 8 Myrhaug inst på Nesodden. Ein må også ta med skulehuset for der budde læraren og kona hans. Dette låg nedanfor bruk nr 5. Ysteriet som låg like ovanfor bruk nr 9 Solvang må også nemnast fordi det ikkje vart teke av båra, og kom til å spele ei viktig rolle ulukkesnata i 1936.

Tunplassering går fram av kart som ein får tilgang til ved oppslag i LOKHIS på garden eller bruka. Det ser ut til at det har gått ein veg oppover mot aust frå det nordaustre hjørnet av Rauditeigen. Vidare er det på jordskiftekartet teikna inn ein ny gardsveg mot søraust langs med grena mot Raudi-teigen. Det ser ut til at tunet på Kolbeinbruket (bruk nr 1) ligg sør for vegen som går opp frå vatenet. Vidare ser det ut til at bruk nr 5, 2, og 4 ligg austanfor den nye gardsvegen. Skulehuset ser ut til å ha ligge på nedsida (vestsida) av denne vegen nedanfor bruk nr 5. Sjå kartskisse med tunpunkt

Ved raset i 1936 kom bølgja mykje støre enn i 1905. Medan bølgja i 1905 delte seg mot Nesodden, skola ho no over Nesodden og alle bruka i Bødal vart tekne. Det einaste som stod igjen var ysteriet, og nokre gardfjøsar lengst oppe.