Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Diverse-2010**. 15. Eg gløymer aldri då Ramnefjellet kom

Fjordingen fredag 26.august 2011. Inge Fænn. inge.fenn@fjordingen.no

I eine sekundet låg ho trygt i senga. I det neste vart ho skylt med flodbylgja fleire hundre meter opp etter bøane i Bødal. Nesten som ved eit under overlevde den unge tenestejenta frå Breim Lodalsulukka i 1936.-

Då eg vakna såg eg beint oppi blå himmel. Det grydde av dag. Det var vrakrester frå huset rundt meg på alle kantar. Kroppen var mørbanka, men eg fekk hjelp til å kome meg laus og sprang det eg kunne mot ein gardfjøs for å kome i livd. Det var kaldt, men eg fann litt varme i ein bås. Eg hadde ikkje andre kle enn nattkjolen.

Olga Kvile Hvattum er ein av dei få som framleis kan fortelje om den dramatiske morgonen 1936, då heimar i Bødal og Nesdal vart knuste, og 74 menneskeliv gjekk tapt.

Olga blir 95 år like over nyttår. Ho bur i eige husvære i Malmefjorden, nokre mil nord for Molde. Det er 75 år sidan ulukka, men ho kan framleis fortelje i detalj kva som skjedde.

Ein gløymer ikkje noko slikt, seier ho og byr på kaffi og kaker. Seinast i fjor var ho i Nordfjord, og ho vil tilbake til 75 års markeringa.

Det var som om senga lyfte seg. Heile huset riste. Vi høyrde ein tung done. Eg sprang ut på gangen. Vesleguten i huset, Wilhelm Bødal kom frå eit anna rom. Han kneip meg i handa. Spurde kva som skjedde og sa eg måtte passe på han.

Eg kunne ikkje svare anna enn at no måtte vi setje lit til han som har all makt på himmel og på jord.

Mange tilfeldigheiter

Olga skulle vore på sætra den natta Ramnefjellet kom. Ho hadde gått etter kyrne heile dagen. Det var den tida dei skulle flytte frå sætra til gardfjøsane heime. Ho fann ikkje kyrne, og husmora,Ingebjørg, baud seg til å halde fram med leitinga slik at Olga kunne få sove søndagsmorgonen.

Eg gjekk ein tur i finveret laurdagskvelden. Det ramla i Ramnefjellet heile tida. Eg spurde Elias om det var trygt å legge seg, men han sa det var ingen fare. Båra nådde ikkje heimen hans i 1905, og no var husa flytta endå lenger opp.

Dramatikken starta ved femtida om morgonen.Husbonden ropte at ingen måtte gå ut av huset. Sjølv stilte han seg ved vindauga saman med eldste sonen, Johan. Begge omkom og Olga meiner at det var lufttrykket som tok dei. Dei stod ved vindauga fordi dei ikkje trudde båra vil kome så langt. Ho meiner også at det var lufttrykket som førde henne oppover bøane. Sjølve bylgja kom etterpå og knuste huset og la vrakrester over henne.

Første tanken min var at no var livet slutt. Eg tenkte på den store syskenflokken heime. At det ville bli trist for dei og foreldra mine, men så såg eg blå himmel, seier ho med eit vemodig smil når minna kjem tilbake.

Ho må ha vore utan medvit ei stund. Då båra kom var det mørkt, men då ho vakna var det solblank dag.

Meieriet vart sjukehus

Ho hugsar ikkje mykje etter at båra kom, men då ho sprang mot gardfjøsen såg ho ein liten gut som hadde vore i tunet å leika med Willhelm dagen før. Der var liv i guten, men han døydde medan eg stod der, kjem det stilt. Gleda var at Willhelm hadde greidd seg. Han var nærast uskadd og sprang etter hjelp.

Han sende meg julekort så lenge han levde. Det vart knytt eit band mellom oss den natta, seier ho.

Det strøymde til med hjelpemannskap utover dagen. Både skadde og omkomne vart samla i det vesle ostemeieriet, einaste huset som stod uskadd. Alle kjende kvarandre.

Eg låg på nokre plankar. Læraren i bygda, Thomas Sæle, sat på ein stol, og der døydde han. Ingebjørg var komen ned frå fjellet. Ho fann mannen og eldste sonen omkomne i ruinane, men ho hadde fått vite at Willhelm var i live.

Då ho kom inn i meieriet og såg meg slo ho hendene saman, og sa; «Gudskjelov, at du lever.»

Olga kom ikkje til den store gravferda. Ho var mellom dei som var så skada at ho vart sendt med fly til Nordfjord sjukehus.

Vi tenarane misste alt vi hadde, men det var ikkje snakk om forsikring og vederlag for vår del. Det var berre å starte på nytt.

Ei ny tid

Olga reist på husmorskule i Kroken i Sogn, og så måtte ho ut og tene pengar. Ho var terne på Svarstad ein sommar. Seinare vart ho gift med Magnus Hvattum frå Gran på Hadeland.

No etter at han døydde har eg teke i bruk Kvile-namnet i gjen. Det er eit godt namn når ein blir gamle, smiler ho.

Dei pakta gard både på veglause Robjørgane og Svingeset før dei reiste til Møre. Dei kjøpte gard på Eide på Nordmøre, men då ingen av borna ville bli bønder selde dei og flytte til Malmefjorden.

Eg arbeidde som husmorvikar og heimehjelp i kommunen til eg fylte 74 år. Det var eit godt arbeid. Det var godt å kome ut, snakke med dei gamle og stelle for dei. Eg sakna arbeidet då eg slutta, seier ho og byr på nysteikte vafler. Ho var tidleg oppe slik at alt skulle vere klart til vi kom. Når vi reiser er ho klar for den daglege spaserturen i byggefeltet.

Folk brukar føtene altfor lite, seier kvinna som har vore kone på veglaus gard og som overlevde den dramatiske ulukka for 75 år sidan.

Dei fleste av dei som var i Bødal og Nesdal den gongen, er borte, men såret i Ramnefjellet står der framleis.

Eg gløymer det aldri. Det viskar seg aldri bort, seier ho og sender helsing til kjende i Nordfjord.

....