Nesdal Indre
Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 78 og 79 Indre og Ytre Nesdal
Skade
Ytre-Nesdalstunet skal ein gong i gammal tid vere flytt-, tuftene syner enno. Det må vel ha vore ikring 1656. I ei odelssak n. år vert sagt at Y.-N. då hadde lide stor skade av steinskred. I.-N. har tid etter tid lide ymse skade av fonn og elvabr6t. I 1687 fann retten at garden hadde lide «ubodelig skade» av Kjenndalselva, heime-elva og av steinskred. Skaden verdsette retten til 1 laups avtak. I 1693 var heimebøen nedgrytt av stein og urd, og Kjenndalen, som garden åtte helvta av, var «totalt ruineret». I 1702 seier retten at dei beste slættene både heime og i Kjenndalen hadde lide skade av elvabråt og fjellskred, så brukarane måtte skaffe seg høy frå andre stader. Féet vert jamleg ihelslege av skred, og folk lever i dagleg livsotte for ovafare. Elva hadde dei prøvt å førebyggje, men når flaumen kjem, vil vel den ta overhand. Skaden verdsette retten til halve skylda, men av di garden før var sett i billeg skyld, nøyer retten seg med 2 pd. i avtak.
Gjørpa er ei fonn i Tjønndalen, som går kvart år. Ho har flytt ein stein så stort som eit hus tre gonger, som folk no kan seie av: i 1904, i 1832 og ein gong før.
I 1896 hende den ulukka at tre slåttefolk - ein mann og to kvinner - vart ihelslegne av steinsvår inne under Hamrane i Tjønndalen. Same tid vart brukaren Ola Andersson på nr. 3 slegen forderva i ein fot.
Begge Nesdalsgardane leid mykje skade ved Lodalsulukka i 1905, helst då Ytre-Nesdal, der husa og mykje av beste jorda vart skåla bort. Sjå meir om det under stykka Lodalsulukka 1905 og Lodalsulukka 1936. IndreNesdal fekk den 24.11. 1905 eit avtak av 2,16 skmk. i 5 år og sidan 1,49 skmk. for alltid. Aret etter vart avtaket sett til 0,91 skmk. på kvart av br. nr. 1 og 3 og 1,13 skmk. på nr. 2, i alt 2,95 skmk.
Ytre Nesdal fekk i 1905, den 24.11., avteke helvta av skylda i 20 år og sidan 2,01 skmk. av kvart bruk. Året etter, den 14.8., eit nytt avtak av 0,75 skmk. frå kvart bruk.
|