Nordfjord - Loen sokn - StrandBilde - Kart - Tekst

Strand

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 83 Strand

Skade og avtak i skylda

Strand ligg særs stygt til for ovafare. Stein- og jordskred går jamleg nedetter den stupbratte fjellsida, og fleire gonger har garden lide stor skade. Største skaden leid vel garden i 1740.

I 1868 gjekk det ei veldig snøskrede her og, som på mange andre gardar. Ho tok ut løa og fjøset på eine bruket, men krøtera fekk ingen skade. Brukaren vart då så ottefull for framtida at han flytte husa utom bøgarden, der han kjende seg trygg, men det er lang veg til bøane inne ved dei gamle tuftene.

I seinare tid gjekk ei ovstor steinskrede innafor bøgarden. Ho braut ned mykje skog og skamfor den nye vegen.

I 1716 leid Håvard Åmundson på br. nr. 1 stor skade då 6 av husa hans med all hans avl og innbu brann opp 6 veker før jul. Han vart fri skatt eit par år.

År 1737 vart det halde avtaksskjøn ved resol. av stiftsbefalingsmannen etter bønskriv frå brukarane. Skjønet fann at garden låg svært farleg til og hadde tid etter anna lide ymse skade av fjell og steinskred på både inn- og utmark. Husa hadde dei for lenger tid sidan vore nøydde å flytte. Vart av-teke 1 pd. sm. då fodnaden hadde minka med 6 kufor.

Avtaket vart ikkje stadfest av riksstyret. Nytt avtaksskjøn vart halde 30.9. 1739. Då prova brukarane at for over 50 år sidan leid garden stor skade på åker, eng, utmarkslætter og hus, som dei laut flytte. I 1733, 1735 og no dette året hadde store steinsvårer gjort mykje skade på bø og slætter. Difor sette retten avtaket som før til 1 pd.

I 1732 var det åstadssak med dom mellom Strand og grannegardane innafor om merkeskila.