Nordfjord - Loen sokn - TjugenBilde - Kart - Tekst

Tjugen

Diverse offisielt 2015 19. Hogasætra

Publisert i Fjordingen 27. oktober 2015.

Av Arnold Sunde

Eg har med stor glede registrert ei vaknande interesse for gamle kulturminne og stadnamn.

Stadnamna er ein kulturskatt frå farne tider som er overlevert munnleg til nye generasjonar. Difor bør alle stadnamn skrivast så lydrett som råd er utan omsyn til gieldande rettskriving. Rigide rettskivingsreglar har teke knekken på mangt eit urgammalt stadnamn. I dansketida vart gamle stadnamn forandra, og nye laga. Jyval vart til Dybevoll, og ei elv som kasta seg utover ufsene aust i Årtreimsfjellet vart heitande Østenåen og fornorska til Østenåda etter at danskeveldet tok slutt i 1814. Å grave seg attende i historia for å finne opphavet til slike namn er både interessant og prisverdig kulturarbeid.

Ein del stadnamn har blitt forandra alt ettersom tida har gått. På vegen mot Lodalen på venstre sida av dalen mellom Aksla og Vesleskåla ligg ei idylisk sæter på eit bakkebrot mellom brattlendet og Fosdalen. I gamle dager var namnet på sætra Hogasætra. I dag er det Tugensætra som blir mest brukt.

Forandringa av namnet må ha ei årsak. Gardane Tyva og Haugen er grannegardar. Diverre har det gamle gardsnamnet Tyva blitt bytt ut med familienamnet Tjugen. Gardane ligg på kvar si side av elva Fosdøla. Haugen på austsida og Tyva på vestsida. Oppe ved inngongsportalen til Fosdalen hadde dei sætrene sine. Haugen på austsida av elva og Tyva på vestsida som venteleg kunne vere. Ettersom soga seier aula det av orm på vestsida av elva. Der var ikkje verande korkje for folk eller fe. Løysinga vart at Tyvaselet og fjøsen fekk plass på Hogasætra.

Så til slutt teorien om årsaka til namneforandringa. I l890 stod Skålatårnet ferdig. Turiststraumen til topps auka ettersom tida giekk. Sætrevegen frå Tyrva var desidert den beste. Brattlendt i byrjinga, men flata ut i bakkebrotet der Tyvaselet og fjsen stod på andre sida av elva. Turen hadde starta på Tyva. og når fotturistane gjekk forbi sætra der både Tyvaselet og fjøsen stod, vart det naturleg å kalle sætra for Tyvasætra. Slik sneik Tyvasætra seg inn i språkbruken og fortrengde det opphavelege namnet på sætra.

Når kartverket skal revidere stadnamna i fellheimen, håper eg indarleg at opphavelege namn vil bli prioriterte.

Arnold Sunde.

Tilføya av Alo (ikkje publisert)

"Sammenlignende kulturforskning" gjennoførde eit prosjekt med registrering av sætrar i perioden 1933-1937. Resultatet frå dette arbeidet er tilgjengeleg på nettet. Sæterprosjekt (sæterbruk, sæterlistene)

Rigistreringa for Stryn kommune vart utført av Ingvar Mork og lista vart fullførd 19.1.1937. Lista har med namnet på sætrane for kvart bruk i kommunen

Namnet på sætra for garden Tyva var Tyvasætra.

Namnet på sætra for garden Haugen var Tyvasætra.

Ut frå dette må ein gå ut frå at det var namnet Tyvasætra som var i allmenn bruk i 1937. Frå min oppvekst i Loen hugsar eg ikkje at vi brukte noko anna namn enn Tyvasætra. Det er vel derfor neppe mange nolevande personar som hugsar noko anna namn enn Tyvasetra. Det kan då diskuterast om det er rett å døype om sætra no til Hogasætra. Ein annen ting er å bruke namnet Tyvasætra i staden for Tjugen-sæter.