Anton Sande
Diverse artiklar 14. Om sterke folk. 4.2.2008
Fjordingen 4.februar 2008
Steinar Sande
Det stod i Fjordingen 28. januar om den store Doksetskåra-slekta og den sterke Johanne som bar ein 100 kilo sekk. På Helset i Loen budde det også ei sterk kvinne. Han Olav A. Loen, «Sjur-Ola» fortalde meg om ei gong han kom køyrande opp bakken ved tiendebuda med stuttkjerra og mange 100 kilo mjøl-sekker på. Så datt ein sekk ned i vegen. Dårte Helset kom bak i vegen. Ho sa: «Vent litt!» Ho tok 100 kilo sekker åleine og løfte den opp på lasset.
Då dei skulle setje opp nye telefonstolper på linja til Bødal,mangla siste stolpen. Anton Sande var med. Han hadde ny sykkel og sykla ned i Loen, tok stolpen på eine aksla og sykla 10 kilometer. Han sa då han kom til Bødal: «Det var verst for sykkelen»
I 1940 heldt ein norsk styrke på å bli omringa i Valdres av tyskarane. Soldatane var slitne, men han Anton bar mitraljøsa og ammunisjon og gjekk føre i snøen. Då han kom heim att, la han seg i senga. Han sov i over to døgna Det fortalde mor mi.
Steinar Sande
|