Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 15. Monsslekta

Fig. Slektskapet med Sjurebruket

15.1 Monsbruket, gnr 70 bnr.7 i Loen

Monsbruket har som mange andre av bruka i Loen svert gamle slekter som har halde fram på gardane like til vår tid. Den første brukaren vi høyrer om på Monsbruket i "Bygdeboka" heitte Rasmus Abrahamson, han var brukar i 1664 og bruket var då rekna til 3 1/2 pd. Etter han vart bruket kalla Rasmusbruket i lang tid. I Bygdeboka står det ikkje noko om kona hans, korkje namn eller kvar ho var ifrå, men i 1686 var son hans vorten brukar. Om han får vi vite at han var gift to gonger. Første kona, Anne, står det ikkje noko om kvar ho var ifrå, men andre kona hans var Marte Jokumsdotter Auflem. Namna til brukarane skifte frå Rasmus til Jakob og Anders. Han som var brukar i 1744 heitte Anders Rasmusson. Om han fortelst det at han betalte 1/3 meir enn vanleg bygsel på grunn av det gode sildefikset som då var i Loen. Dette fisket var i lange tider eit godt lunnende til garden. Sameleis hadde alle brukarane i Loen ei storenot saman, som dei og kunne nytte til anna fiske. Såleis fortelst det at når det skulle vere gravøl tok dei storenota for å få gravølsmat. Det var og denne brukaren som løyste inn bruket i 1767 frå H.P. Finde i Holmestrand for 90 rdl. og vart den første sjølveigaren på bruket. Han var gift 2 gonger, først med Dorte Rasmusdotter Roset og sidan men Barbrå Olsdotter Hilde. Rasmus, son hans, vart gift med Ingeborg Rasmusdotter N.B (Nedreberg ?). Det ser ut til at dei ikkje hadde søner som kunne ta over garden, for ei dotter deira, Dorte, vart gift med Anders Monsen Folven, og dei fekk skøyte i 1800. Då far hennar alt var død i 1772, har truleg kona hans styrd i uskifta bu til dottera gifte seg og overtok bruket.

Ein av sønene deira heitte Anders. Då han var på vedahogging i Markuskleiva på sørsida av Lobukta fall han ut for ein hamar og slo seg i hel i 1844.Den elste sonen deira, Rasmus, tok over bruket og fekk skøyte i 1824. Han og ein yngre bror vart tekne av fonna og miste livet. Det fortelst at dei var av etter høy frå skogaslåtten og skulle drage det heim på snøføre då fonna kom over dei. Ein yngre bror, Mons, fekk då skøyte i 1832. Han er den første som har namnet Mons på dette bruket, og etter han har bruket skift namn frå Rasmus- til Monsbruket. Han var gift med Kari Ingebregtsdotter Beines. Ho vart svert gamal og døde i 1909. Det ser ut til at det gjekk godt for dei i deira styringstid. Sonen Anders fekk skøyte i 1872. Han gifte seg med Anne Andersdotter Hogrenning. Han døde ung, 30 år gamal , av tuberkulose. Denne sjukdomen herja i desse åra over heile landet, og det var helst unge folk som vart tekne bort. Kona gifte seg opp att med Arne Jørgenson Nesdal, men han vart teken av same sjukdomen 33 år gamal i 1891, og Anne, kona hans, døde av det same 44 år gamal i 1897. Ein av sønene deira, Anders fekk og denne sotta og døde i ung alder. I Bygdeboka bind 1 1974 står det på side 590: "Ei stove som kom frå Hilde trur dei har vore årsk til at så mange døde i sin beste alder her på bruket".