Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 15. Monsslekta

15.2 Olina Olsdotter Loen (1867-1921).

Olina frå Sjurebruket gifte seg med Mons Anderson Loen (1877 - 1948) og kom dermed inn i Monsslekta. Mons var elste sonen til Anders og Anne på Monsbruket. Han var berre 13 år då faren døde, og då mora gifte seg opp igjen, var det skifte og Mons fekk skøyte på bruket i 1882. Han var stor og sterk og måtte tidleg gå med i arbidslivet på garden. Før han var 20 år, var både stykfaren og mor hans døde. Han var då den einaste vaksne saman med den gamle bestemora, og hadde andsvaret både for garden og søskena sine som enno ikkje var vaksne. Samstundes vart det og utskiftning på garden Loen i 1897, med overskjønn i 1898. Då vart Monsbruket pålagd å fløtte ut av det gamle tunet, og byggje opp igjen husa på den nye teigen dei hadde fått. Ho Olina frå Sjurebruket var eldre enn han Mons, og ho var stor og mandomsam. Då han Mons og ho Olina gifte seg vart dei to om alle plikter og tunge tak. Dei var både sterke og strevsame, og det var etter kvart god framgang på garden. Og dei sett si ære i at alt skulle vere velstelt. Det første dei gjorde etter at ho var koma som husmor, var at dei bygde nye hus på den nye teigen, både stovehus og labygning med fjøsane og lada under eitt tak. Mons var ein trottug arbeidsmann og hjelpsam med hjelp til andre når dei hadde bruk for det. Ho Olina var sterk og eit arbeidsmenneske både inne og ute. Ho døydde vel femti år gamal, men då var alle borna vaksne. Han Mons hadde stor interesse for dyr, og han var ein god heste skjønar. Dei hadde 3 born: Anna, Olga og Anders. Anna døde i konfirmasjonsalderen av tuberkulose. Olga for til Amerika, og Anders overtok Monsbruket.

15.2.1 Anders Monsson Loen (1903)

Anders fekk skøyte på garden i 1934. Han har dyrka opp og planert mykje av garden for maskinbruk. Han har hatt store ominnreidingar både på stovehuset og ladebygningen. Det var han som stod i brodden for skiping av Loen elveigarlag, og det laget var med Bergens sportsfiskerlag og bygde laksetroppa i Lofossen i 1950 åra. Bergen Sportsfiskerlag har sidan vore leigarar av fiske i Loelva. Etter at laksetrappa var bygd, gjekk laksen også opp i den øvre elva og der og skipa dei eit elveigarlag. Dei to laga er no saman om å leige ut elva. Han Anders har og vore med i kommunestyret i Stryn og sameleis i skulestyret og andre kommunale nemnder. Han gifte seg med Ingeborg Jørgensdotter Glomnes (1898). Ho har heile tida vore ei påpasseleg og omsorgsfull husmor, og har vore med i arbeidet på garden både ute og inne. Dei bor no i gamlestova, og han Anders har som kårmann vore med i alt arbeidet på garden. Dei har 4 born: Magne, Olaug, Jørgen og Klara.

Magne Anderson Loen (1931) har gått Langvin Jordbruksskule og eit kurs i rekneskapsføring

Olaug Andersdotter Loen (1932) har gått eit sykurs. Ho har sidan gått inn i arbeidslivet som ysterske på Nordfjord meieri i Stryn.

Jørgen Andersson Loen (1935) har gått framhaldsskule og Holmøy arbeidsskule. Han fekk skøyte på bruket i 1973. Han arbeider på Stryn Møbel og styrer garden saman med kona. Han er gift med Liv Asborg Bernhardsdotter Rake (1945). Dei har 4 born: Asle (1971), Inger Martha (1972), Vigdis (1977) og Berit (1979).

Klara Andersdotter Loen (1937)har gått husstell skulen i Stryn. Ho er gift med Sverre Olson Rake og dei driv Kolbeinsbruket. Dei har 4 born: Ola (1959), Alf (1961), Kristi (1963) og Inge (1969) (Sjå elles under Kolbeinsbruket på Rake)

15.2.2 Olga Monsdotter Loen (1900 - 1931)

Då Olga var i tjugeårsalderen fekk ho tilbod frå Kristine Olson, morsøster si, om å kome til Amerika. Ho hadde ein fruktfarm i Washington på Stillehavskysten og ein farm i Nord Dakota. Ho og Elias Olson var barnlause, og dei hadde teke til seg Ole I Loen, søstersonen til Elias, då dei var heime i Loen ein tur i 1903. Ole var då 9 år.Olga reiste til Amerika i 1922, og var då på fruktfarmen til Kristine. I 1924 gifte ho seg med Frank Samuelson (1899) og dei fekk ein del av fruktfarmen

Frank Samuelson var av norske foreldre, og etter at han var vaksen arbeidde han fleire år ombord på ein dampbåt, og nokre år dreiv han med arbeid i skogen. Etter at han gifte seg med Olga, arbeidde dei saman på fruktfarmen. Dei fekk 3 gutar: Frank Melvin, Wendell Marvin og Lawrence Albert. Det gjekk ikkje så godt med fruktdyrkinga seier han, og eit par år etter at Olga døde tok han til på eit skipsvert , Bremerton Navy, der han arbeidde som elektrikar til han gjekk av med pensjon i 1962. Olga var svert snill og livleg slik søskenebarnet hennar, Arnold Loen, hugsar henne. Ho vart tidleg sjuk, og døde svert ung, medan borna enno var små. Frank stelte heimen og borna til dei var vaksne. I 1944 gifte han seg med Bernice Olson, men ho døde i 1957. Han gifte seg då med Jennie A Aursnes i 1958.

Frank Melvin Samuelson (1926) er gift med Eunice Marie Moberg (1930). Frank har gått høgskule. Han var med i krigen i Japan i 1944, men vart ikkje såra. Etter at han kom heim, arbeidde han i firmaet Brown og Hally i Tacoma i to år. Han var då maskinist om dagen og gjekk på colleg om kvelden. Han tok eksamen ved Pugot Sound Universitet. Han fekk arbeid i Crown Zellerboch i Port Towsend i fleire år, og for same firma arbeidde han i ei papirmølle i Ohio. Han tok eksamen i Cornell universitet i New york i 1972. Han har halde fram i same firmaet og er no innkjøpsjef for papirfabrikken til Autioch i California. Dei har 5 born: Frank M Samuelson (1949), Susan R Samuelson (1951), David M Samuelson (1955), Drew M Samuelson (1956), Kathryn L Samuelson (1961).

Wendell M Samuelson (1927) har gått high school og teknisk skule for TV og radiao. Han arbeidde i 10 år i Oakland radio og TV i Tacoma. Seinare arbeidde han i 17 år si eiga TV- og radioforretning i Tacoma. I 1976 kjøpte han ein eplehage på 40 acres. Han leigde den bort i 3 år, men fløtte i 1979 til Yakima og overtok drifta av hagen sjølv. Han er gift med Ellinor Bolte. Dei har 7 born: Martin V Samuelson (1955), Michaell Allen Samuelson (1957), John Lee Samuelson (1959), Alice Patricia Samuelson (1960), Wandy Melody Samuelson (1963), Nancy Sue Samuelson (1965) og Machelle Lanore (1969)

Lawrence Albert Samuelson (1929) har high school og 1 års utdaning i elektronikk. Han er tilsett ved IBM. Kona hans, Kathryn Slig Stevens (1939), har gått eit år på college. Dei har 6 born: Toy Kathryn Samuelson (1960), Down Olga Samuelson (1961), Charity Ann Samuelson (1962), Janelle Marie Samuelson (1964), Mark Lawrence Samueslon (1966) og Kris Donald Samuelson (1972).